Tannhelsetilbod til unge vaksne, 19-28 år

Frå det året du fyller 19 år, og ut det året du fyller 24 år, kan du ha rett på nødvendig tannbehandling til 75 prosent rabatt i den offentlege tannhelsetenesta. 

Stortinget har vedtatt at også 25-28 åringar kan få nødvendig tannbehandling til 75 prosent rabatt i den offentlege tannhelsetenesta førebels ut 2025. 

Kva tilbod kan du forvente å få?

Akutte problem eller nødvendig tannbehandling som ikkje bør utsettast vil bli prioritert. Ved ønske om ordinær undersøking, eller behandling som ikkje hastar, må ein rekne med noko ventetid.

Folkeregistrert eller midlertidig adresse

Du kan nytte tilbodet ved den offentlege klinikken der du har folkeregisteradresse. Dersom du har midlertidig adresse i fylket, eller i andre delar av landet, kan du kontakte den offentlege tannklinikken nærast der du har midlertidig adresse.