Kjenner du til eit ungdomsråd som har gjort ein ekstra god innsats i året som var? Da bør du nominere dei som årets ungdomsråd i Møre og Romsdal. Prisen blir delt ut av og under ungdommens fylkesting (UFT) i mars.
Kven kan få prisen?
Prisen går til eit ungdomsråd som har utmerka seg ved å enten lagt til rette for medverknad for ungdom, ha skapt gode møtestadar, bidratt til eit allsidig fritidstilbod for ungdom eller på anna vis har gjort ein særskilt innsats for ungdom i kommunen.
Prisen Årets ungdomsråd i Møre og Romsdal blir delt ut årleg av ungdomspanelet i Møre og Romsdal. Ungdomsråd kan nominerast av alle som har tilknyting til Møre og Romsdal fylke. Prisen består av 10 000 kroner som vinnaren kan bruke til prosjekt eller tiltak som vil gagne ungdom.
Prisen skal gå til ungdomsråd som har utmerka seg ved å:
- Legge til rette for medverknad for ungdom.
- Skape gode møtestader for ungdom.
- Bidra til eit allsidig fritidstilbod for ungdom, eller på anna vis har gjort ein særskilt innsats for ungdom i kommunen.
- Prisen "Årets ungdomsråd i Møre og Romsdal "blir delt ut årleg av ungdomspanelet i Møre og Romsdal.
- Prisen skal gå til ungdomsråd som har utmerka seg ved å:
- Legge til rette for medverknad for ungdom.
- Skape gode møtestader for ungdom.
- Bidra til eitt allsidig fritidstilbod for ungdom.
- Eller på anna vis har gjort ein særskilt innsats for ungdom i
kommunen.
- Prisen blir delt ut innan april året etter at kåringa er gjort, og gjeld inneverande år.
- Ungdomsråd kan bli nominert av alle som har tilknyting til Møre og Romsdal fylke.
- Nomineringa skal sendast i skriftleg form til ungdomspanelet innan den annonsert fristen.
- Nomineringsbrevet må innehalde ei grunngjeving for nomineringa.
- Ungdomspanelet pliktar å gjere prisen kjent for alle kommunane, og ungdomsråda i fylket, samt å annonsere prisen godt.
- Ungdomspanelet sett kvart år frist for nominering, og planlegg informasjonsstrategi for prisen.
- Ungdomspanelet står fritt til å velje blant innkome nominasjonar før dei leggast fram for Ungdommens fylkesting.
- Medlem i ungdomspanelet kan ikkje nominere ungdomsråd til prisen. Heller ikkje presentere nominasjonar for Ungdommens fylkesting.
- Mottakar av prisen er offentleg når avgjerda er tatt, men møtet vert lukka under handsaminga.
- Prisen består av eit diplom og kroner 10 000 som årets ungdomsråd skal nytte til prosjekt/tiltak som vil gagne ungdom.
- Ungdomspanelet tek atterhald om retten til ikkje å dele ut prisen.
Har du eit forslag?
Fristen for å sende inn forslag for 2024 har gått ut.