Driftstilskot

Fylkeskommunen gir driftstilskot til organisasjonar i fylket med eit tydeleg formål innan kunst, kultur, idrett eller friluftsliv. Organisasjonane skal ha ein sterk regional, fylkesfemnande eller nasjonal verdi. Neste søknadsfrist for driftstilskot er 1. november 2026.

Merknad til søkarar av denne ordninga: Politikarane i kultur- og folkehelseutvalet utsatte behandlinga av denne ordninga til møtet 11. mars 2025. De får derfor først svar på søknaden etter dette møtet.

Formål

Tilskotsordninga skal bidra til å støtte drift av organisasjonar i Møre og Romsdal med eit tydeleg formål innan kunst, kultur, idrett eller friluftsliv. Organisasjonane skal ha ein sterk regional, fylkesfemnande eller nasjonal verdi.

Kven kan søke om støtte?

Lag, organisasjonar og institusjonar med eit tydeleg formål innan kunst, kultur, idrett eller friluftsliv med ein sterk regional, fylkesfemnande eller nasjonal verdi.

Kva kan du søke støtte til?

Støtte til faste driftsutgifter og/eller forpliktingar som for eksempel lokalar og lønn til tilsette.

Les dei fullstendige retningslinjene for driftstilskot (PDF, 116 kB).

Søknadsfrist

Ordninga opner for nye søknadar 20. september 2026 og neste søknadsfrist for driftstilskot er 1. november 2026.

Rapportering

Har du fått driftstilskot frå fylkeskommunen? Da må du rapportere. Du finn dato for rapporteringsfrist i tildelingsbrevet.

Rapporteringsskjema

Treng du ein mal for budsjett og rekneskap? Det finn du ved å følge denne lenka (XLTX, 16 kB).

Saksbehandling

Tildelingar av driftstilskot skal behandlast av politikarane i kultur- og folkehelseutvalet og det må derfor bereknast lengre saksbehandlingstid. Søkarar får svar på søknaden sin etter behandlinga, som skjer i mars i 2025.

Etter at søknaden er behandla vil du få svar på søknaden din skriftleg. I tildelingsbrevet finn du opplysningar om tildelt sum og kva vilkår som må vere oppfylte før du kan få støtta utbetalt. Dersom du får avslag får du vite grunnlaget for avslaget og korleis du eventuelt kan klage på vedtaket.

Ei presisering om kulturtilskot

Kulturtilskot er ei moglegheit for støtte til gode prosjekt, men ikkje ei garanti. Tildelinga skjer ut frå fastsette retningslinjer, krav og prioriteringar, som er opne og tilgjengelege for alle.

Tilskotsmidlane er avgrensa, og det kjem ofte fleire søknadar enn det er midlar til. Derfor vurderer fylkeskommunen søknadane etter ei heilskapleg skjønnsutøving. Sjølv søknadar som oppfyller alle krava, kan få avslag eller ein lågare sum enn søkt beløp.

For å kunne gi tilskot, må vi ha nok midlar i budsjettet.

Endringar i ordninga for driftstilskot