Tilskot til prosjekt og tiltak innan allmennkultur og idrett

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer no institusjonar, frivillige lag og organisasjonar til å søke om støtte til prosjekt og tiltak innan allmennkultur og idrett. Målet med ordninga er å støtte initiativ som fremmer kultur- og idrettsopplevingar av høg kvalitet for innbyggarane i fylket vårt.

Gjennom ordninga vil vi stimulere meiningsfulle prosjekt som berikar både kulturliv, idrettsmiljø og frivilligheita. Enten du representerer ein institusjon, eit frivillig lag eller ein organisasjon, oppfordrar vi deg til å søke om støtte og være med på å forme kulturtilbodet i Møre og Romsdal.

Denne ordninga er slått saman av dei tre ordningane

  • eittårig driftstilskot
  • prosjekttilskot frivillig verksemd
  • større idrettsarrangement

Desse ordningane har altså gått ut og kan ikkje lenger søkast på.

Kva kan du søke støtte til?

Det gis tilskot til prosjekter og tiltak innan allmennkultur og idrett som er av regional interesse.

Les dei fullstendige retningslinjene for tilskot til prosjekt og tiltak allmennkultur og idrett (PDF, 119 kB).

Kven kan søke om støtte?

  • Institusjonar
  • Frivillige lag
  • Organisasjonar

Formål

Tilskotsordninga skal bidra til at det skapast tiltak og prosjekt innan allmennkultur og idrett av høg kvalitet som kjem kulturliv, idrettsliv, frivillige og innbyggarar i Møre og Romsdal til gode.

Søknadsfrist

Ordninga har to søknadsfristar kvart år, 1. april og 1. november. Når ordninga er open kan du sende inn søknaden din via lenka under. Skjema opner for nye søknadar seks veker før fristen. I perioden kor skjema er stengt vil du få beskjed om at skjema er utilgjengeleg. 

Merk! For søknadar til fristen 1. november må prosjektet eller tiltaket gjennomførast i perioden 1. januar til 30. juni. Søknadar levert til fristen 1. april må gjennomførast i perioden 1. juli til 31. desember.

Send inn din søknad

Rapportering

Følg denne lenka for å komme til rapporteringsskjema

Ei presisering om kulturtilskot

Kulturtilskot er ei moglegheit for støtte til gode prosjekt, men ikkje ei garanti. Tildelinga skjer ut frå fastsette retningslinjer, krav og prioriteringar, som er opne og tilgjengelege for alle.

Tilskotsmidlane er avgrensa, og det kjem ofte fleire søknadar enn det er midlar til. Derfor vurderer fylkeskommunen søknadane etter ei heilskapleg skjønnsutøving. Sjølv søknadar som oppfyller alle krava, kan få avslag eller ein lågare sum enn søkt beløp.

For å kunne gi tilskot, må vi ha nok midlar i budsjettet.

Desse har fått støtte i ordninga