Grøn omstilling og berekraftig verdiskaping

Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut tilskot til prosjekt som skal bidra til grøn omstilling, berekraftig verdiskaping og utvikling av framtidsretta næringsliv i fylket.
 

Målet med ordninga

Ordninga skal støtte prosjekt som bygger opp under måla i Grønt industriløft Møre og Romsdal. Prosjekta skal kunne gi konkrete konkrete klima- og miljøgevinstar, auka beredskap, ny verdiskaping og sterkare samarbeid mellom bedrifter, kunnskapsmiljø og andre relevante aktørar.

Kven kan søke?

Både bedriftssamarbeid, klynger, innovasjonsselskap, forskingsaktørar, UH-institusjonar, næringsforeiningar og andre utviklingsaktørar kan søke støtte som del av eit prosjektpartnarskap (konsortium). 

Prosjektpartnarskapet må bestå av minst tre partnarar. Minst to av aktørane i partnarskapet må vere bedrifter. Alle partnarane skal ha ei definert rolle og bidra aktivt i prosjektet.

Kva type prosjekt kan få støtte?

Vi kan gi støtte til prosjekt som:

  • fremmer grøn omstilling og berekraftig utvikling
  • styrker beredskap og omstillingsevne i næringsliv og samfunn
  • har innovasjon eller tydeleg nyskaping
  • gir verdi for søkaren, partnarane og regionen
  • har potensial for vidareutvikling etter prosjektperioden
  • legg til rette for læring, kommunikasjon og spreiing av resultat

Prosjekta bør vere relevante for satsingane i Grønt industriløft Møre og Romsdal, for eksempel innan grøn maritim næring, biomarin næring, sirkulære huber/verdikjeder eller andre prosjekt som støttar grøn industrivekst i fylket.