Samfunnskontrakten for fleire læreplassar - utlysing av midlar til utviklingsprosjekt

Fylkeskommunen v/Kompetanse- og næringsavdelinga, seksjon Opplæring i bedrift lyser ut prosjektmidlar frå «Samfunnskontrakten», tilskot til kvalifisering og formidling til læreplassar i videregåande opplæring.

Formål

Formålet med tilskotsordninga er å auke fullføringa i fag- og yrkesopplæringa gjennom betre kvalifisering fram mot læreplass, styrke oppfølging i overgangane mellom skole og arbeidsliv, og tettare oppfølging av elevar ute i bedrift.

Midlane skal brukast til utviklingsprosjekt der yrkesfaglege skolar testar ut nye arbeidsmetodar og tiltak.

Kven kan søke?

Vidaregåande skolar i Møre og Romsdal.

Kva kan det søkast midlar til?

Det kan søkast midlar til tidsavgrensa utviklings- eller pilotprosjekt der ein testar ut noko nytt som ikkje inngår i skolen si ordinære drift i dag. Prosjekta skal bidra til å:

  • tilpasse og betre opplæringa slik at fleire kandidatar kvalifiserer seg til læreplass
  • styrke samanhengen mellom opplæring i skole og arbeidsliv
  • forsterke oppfølginga av elevar i overgangane mellom grunnskole og vidaregåande opplæring, og mellom skole og arbeidsliv
  • etablere eller prøve ut tiltak som motverkar diskriminering

Dersom ein skole søker om midlar til fleire tiltak, ber vi om at skolen set opp tiltaka i prioritert rekkefølge (sjå søknadsskjema)  

Krav til søknaden

Søknaden skal innehalde:

  • ei skildring av behovet tiltaket skal møte
  • ei skildring av tiltaket som skal prøvast ut
  • ei skildring av ressursbehov
  • ein framdriftsplan

Vurderingskriterium

Søknadene blir vurderte ut frå:

  • relevans for formålet med Samfunnskontrakten
  • grad av nytenking
  • tydeleg samanheng mellom behov, tiltak og forventa effekt

Rapportering

Skolar som får tildelt midlar, må rapportere til seksjon Opplæring i bedrift undervegs i arbeidet, og vere førebudde på å informere om prosjektet i ulike samanhengar.

Skolar som får midlar, skal levere ein kort sluttrapport med erfaringar, resultat og tilrådingar.

Søknadsfrist

  • 15 august 2026

Gå til søknadsskjema