Tilskot til ABC for god psykisk helse

Hausten 2025 lyste Møre og Romsdal fylkeskommune ut ei tilskotsordning for pilotprosjekt som ville teste ut ABC for god psykisk helse i frivillig sektor. Målet er å spreie kunnskap, styrke lokal innsats og gjere ABC-modellen meir synleg og relevant i kvardagen – både for enkeltpersonar og lokalsamfunn.

ABC for god psykisk helse er ein nasjonal folkehelsekampanje som viser korleis aktivitet, fellesskap og meining styrkar livskvalitet og psykisk helse. I 2025 er kampanjen rulla ut i heile landet, og Møre og Romsdal fylkeskommune ga støtte til fem lokale pilotar. Målgruppa for innsatsen vår er kommunane, frivillige organisasjonar og andre aktørar fylkeskommunen samarbeider med. Den endelege målgruppa er heile befolkninga, med god ivaretaking av barn og unge, eldre og minoritetsgrupper. I tildelingane for hausten 2025 var det eit sterkt søkelys på innsatsområdet frivillig sektor for å innføre ABC.

Vi inviterer samtidig kommunar, frivilligsentralar og frivillige organisasjonar sjå etter ABC i det dei allereie gjer – og prøve ut metodar for å forankre og synleggjere ABC i arbeidet sitt.

Følg denne lenka for å lese dei fullstendige retningslinjene for ordninga (PDF, 149 kB).

Ramma for ordninga var 1 mill. kroner.

Les meir om ABC-modellen

Formål

Ordninga skal støtte lokal og regional bruk av ABC-rammeverket og sette søkelys på verdien av ABC i frivillig sektor. Vi vil bidra til å

  • auke kompetanse og bevisstheit i befolkninga, det offentlege og organisasjonslivet om korleis vi kan ta vare på og styrke eigen og andre si psykiske helse.
  • spreie kunnskap om aktivitetar som styrker livskvalitet og psykisk helse.
  • styrke, legge til rette for og synleggjere regionale og lokale moglegheiter for slik helsefremmande aktivitet.

Desse fekk støtte

Søknadsfrist for ordninga var onsdag 1. oktober 2025.

Rapportering

I løpet av hausten vil vi publisere eit eige rapporteringsskjema for ordninga.

 Oversikt over alle rapporteringsskjema

Ei presisering om kulturtilskot

Kulturtilskot er ei moglegheit for støtte til gode prosjekt, men ikkje ei garanti. Tildelinga skjer ut frå fastsette retningslinjer, krav og prioriteringar, som er opne og tilgjengelege for alle.

Tilskotsmidlane er avgrensa, og det kjem ofte fleire søknadar enn det er midlar til. Derfor vurderer fylkeskommunen søknadane etter ei heilskapleg skjønnsutøving. Sjølv søknadar som oppfyller alle krava, kan få avslag eller ein lågare sum enn søkt beløp.