Tilskot til fartøyvern

Fartøyvern handlar om å ta vare på vår flytande kulturarv. I Noreg har vi levd ved og av havet i alle tider og fartøya fortel ein viktig del av historia om levde liv og samfunnsutviklinga.

Kva kan du søke støtte til?

  • Sikring
  • Istandsetting
  • Vedlikehald

Ved fordeling av tilskot prioriterer vi følgande:

  • Prosjekt som er starta og fartøy på slipp eller dokk
  • Fartøy som har pålegg som må gjennomførast for å oppretthalde sertifikata
  • Fartøy som er freda
  • Fartøy og prosjekt med stor frivillig innsats

Kven kan søke?

Eigarar og forvaltarar av freda og verna fartøy kan få tilskot. Norsk forening for fartøyvern, eller andre organisasjonar, lag og prosjekt som opererer innafor formålet med posten, kan få tilskot til prosjektarbeid.

Formål

Det er eit mål å auke kunnskapen om mangfald av bevarte fartøy og kva rolle dei har hatt i samfunnet, før og no. For å nå dette målet skal tilskota sørge for å sikre fartøya mot tap, sette dem i stand slik at dei kan vere i bruk.

Søknadsfrist

1. november

Støtteordninga opnar for nye søknadar 1. oktober. Når ordninga er open kan du søke støtte via Digisak, Kulturminneforvaltningas søkarportal.

Søknadsskjema i Digisak

Merk: Digisak fungerer ikkje med Internet Explorer. Vi anbefaler deg å bruke ein anna nettlesar, for eksempel Edge eller Google Chrome.

Ta gjerne ein titt på forskrift om tilskot til fartøyvern på nettsidene til Lovdata.