Kva kan du søke støtte til?
- Istandsetting, sikring og tyngre vedlikehald som fører til eit normalt vedlikehaldsnivå
- Konservering av fast inventar
- Tiltak som bidrar til dokumentasjon, kunnskapsutvikling og forsking på middelalderbygningar
Tilskota blir gitt frå statsbudsjettet, kapittel 1429 post 73.
Kven kan søke støtte?
Private eigarar av freda bygningar frå før 1537 kan søke om støtte. Også andre eigarar av freda bygningar frå før 1537 kan i enkelte tilfelle søke ordninga. Ta kontakt med rådgivar i fylkeskommunen.
Formål
Formålet er å halde vedlike ikke-religiøse bygg frå middelalderen og bevare den historiske verdien dei har. Det er òg eit mål å bidra til at dei blir sett i stand etter antikvariske retningslinjer.
Søknadfrist
1. november
Støtteordninga opnar for nye søknadar 1. oktober. Når ordninga er open kan du søke støtte via Digisak, Kulturminneforvaltningas søkarportal.
Søknadsskjema i Digisak
Merk: Digisak fungerer ikkje med Internet Explorer. Vi anbefaler deg å bruke ein anna nettlesar, for eksempel Edge eller Google Chrome.
Retningslinjer
Alle tiltak skal skje i samsvar med eit eventuelt vern eller fredingsvedtak sine forskrifter. I tillegg skal fylkeskommunen sine antikvariske retningslinjer overhaldast.
Antikvariske retningslinjer (PDF, 533 kB)
Som hovudregel skal ikkje tilskotet overstige 50–70 prosent av totalkostnaden i det enkelte prosjektet. Unntak frå dette må vurderast i lys av:
- formålet med tiltaket
- kulturminnet/kulturmiljøet sin verdi
- bruken av kulturminnet/kulturmiljøet
I tillegg ser vi på om det er eit særleg stort vedlikehaldsansvar i forhold til bruken.
- Utførande handverkar skal oppgi formell kompetanse og referanseprosjekt med kontaktinformasjon. Handverkarane skal ha fagskulepoeng eller studiepoeng innan praktisk bygningsvern, eller kunne dokumentere tilsvarande vedlikehaldskompetanse.
- Generelt skal det stillast krav til at handverkarane tidlegare har teke del i minst tre prosjekt med tilsvarande arbeidsoppgåver.
- Sentrale fagpersonar og byggeplassleiar i utførande firma må kunne norsk for å kunne diskutere kvaliteten ved utføringa av arbeidet.
- Møre og Romsdal fylkeskommune har moglegheit til å godkjenne utførande handverkar på kulturminne det blir gitt tilskot til.
Ta gjerne ein titt på forskrift om tilskot til stavkyrkjer, bygg og anlegg fra middelalderen, konservering og brannsikring på nettsidene til Lovdata.