Prosjektstøtte til allmennkultur og idrett

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer institusjonar, frivillige lag og organisasjonar til å søke om prosjektstøtte til allmennkultur og idrett. Målet med ordninga er å støtte initiativ som fremmer kultur- og idrettsopplevingar av høg kvalitet for innbyggarane i fylket vårt.

Gjennom ordninga vil vi stimulere meiningsfulle prosjekt som berikar både kulturliv, idrettsmiljø og frivilligheita. Enten du representerer ein institusjon, eit frivillig lag eller ein organisasjon, oppfordrar vi deg til å søke om støtte og være med på å forme kulturtilbodet i Møre og Romsdal.

Tilskotsordninga skal òg bidra til å nå måla i planverket til fylkeskommunen:  

Kven kan søke støtte?

  • Institusjonar
  • Frivillige lag
  • Organisasjoner 

Kva kan du søke støtte til?

Det gis tilskot til prosjekter innan allmennkultur og idrett som er av regional interesse og verdi for eit større geografisk område, utover det lokale.

Du kan få støtte til å prøve ut nye prosjekt som kan vere med på å vidareutvikle kulturlivet i fylket, f.eks. gjennom pilotprosjekt med overføringsverdi til andre.

Størrelse på tilskot vurderast i forhold til budsjett for kvart prosjekt og i forhold til tilgjengelege midlar.

Når søknaden din gjeld eit idrettsarrangement

I denne ordninga kan du søke støtte til større idrettsarrangement. Med «større idrettsarrangement» meiner vi meisterskap, cup eller stemne på nasjonalt eller internasjonalt nivå. Senior- og juniormeisterskap vil bli prioritert over andre meisterskap, f.eks. veteranmeisterskap.

Viss det er knappleik på midlar, vil vi prioritere idrettar og idrettslag som ikkje har fått støtte frå fylkeskommunen tidlegare.

Kva blir det ikkje gitt støtte til? 

I denne ordninga kan du ikkje få støtte til: 

  • ordinær drift 
  • forprosjekt 
  • prosjekt som dekkes av Den kulturelle skolesekken sitt ansvarsområde 
  • institusjonar som får driftsstøtte frå fylkeskommunen. 
  • Det kan i unntakstilfelle vurderast prosjektstøtte til institusjonar som får fylkeskommunal driftsstøtte dersom tiltaket ikkje er en del av den ordinære drifta. 
  • prosjekt som blir arrangert for å samle inn midlar 
  • politisk verksemd. Det betyr også at politiske parti, ungdomspolitiske parti eller fagforbund ikkje kan søke om støtte i ordninga. 
  • kostnadar knytt til deltakaravgift og reise til seminar, utdanning, studietur og liknande 
  • innspeling og utgiving av litteratur, film eller musikk 
  • innkjøp av utstyr 

Private samlingar og lokale museum dokumenterer og formidlar ofte viktig historier og kulturarv. Slike verksemder kvalifiserer seg til økonomisk støtte gjennom konsolidering med eit av regionmusea.

Generelle krav som må oppfyllast 

Viss søknaden din ikkje oppfyller desse krava, kan du ikkje få støtte i denne ordninga. 

  • Prosjektet må ha regionalt nedslagsfelt og/eller regional verdi. Det betyr at tiltaket må omfatte store deler av fylket og/eller ha ein funksjon som er av vesentleg regional interesse og verdi. 
  • Prosjektet skal vere ope for alle 
  • Prosjektet må bidra til å nå mål i planverket til Møre og Romsdal fylkeskommune 
  • Profesjonelle aktørar som blir leid inn skal behandlast likt og få lønn i tråd med gjeldande bransjestandardar. 

For å fremme tilgjengelegheit og inkludering oppfordrar vi alle søkarar til å bruke prinsippa om universell utforming. Da kan prosjekt vere tilgjengelege for alle deltakarar uavhengig av fysiske eller kognitive forutsetningar.

Søknaden må innehalde 

Søknad må leverast elektronisk i god tid før det skal gjennomførast. I tillegg må den innehalde: 

  • Budsjett med finansieringsplan (forventa inntekter og utgifter). Budsjettet må innehalde oversikt over alle tilskuddsparter. De må oppgi om andre finansieringskjelder er omsøkt eller tildelt. 
  • Fyldig omtale av kva de søker støtte til 
  • Forklaring av korleis tiltaket treff prioriteringskriteria og mål i planverket 
  • Den fylkeskommunale støtta kan maksimalt utgjere 50 prosent av totalbudsjettet 

 Eigeninnsats kan telle med som del av eigenfinansieringa av prosjektet. 

Slik prioriterer vi kven som får støtte 

Søknadane blir vurdert og prioritert etter desse kriteria: 

  • Prosjekt som koplar saman aktørar og stimulerer til samarbeid på tvers av kulturfelt og geografi 
  • Nye prosjekt prioriterast. Det betyr at vi vil prioritere prosjekt som ikkje har fått støtte frå fylkeskommunen tidlegare. 
  • Prosjekt som kan vise til nyskaping og utvikling.  
  • Prosjekt som òg får økonomiske støtte frå kommunen eller andre kjelder 

Ideelle og religiøse organisasjonar som søker om støtte skal likestillast.

Ei presisering om kulturtilskot

Kulturtilskot er ei moglegheit for støtte til gode prosjekt, men ikkje ei garanti. Tildelinga skjer ut frå fastsette retningslinjer, krav og prioriteringar, som er opne og tilgjengelege for alle.

Tilskotsmidlane er avgrensa, og det kjem ofte fleire søknadar enn det er midlar til. Derfor vurderer fylkeskommunen søknadane etter ei heilskapleg skjønnsutøving. Sjølv søknadar som oppfyller alle krava, kan få avslag eller ein lågare sum enn søkt beløp.

For å kunne gi tilskot, må vi ha nok midlar i budsjettet.

Treng du ein mal, eller har du eit spørsmål? Ta ein kikk på denne sida.

Søknadsfrist

Ordninga har to søknadsfristar kvart år, 1. april og 1. november. Når ordninga er open kan du sende inn søknaden din via lenka under. Skjema opner for nye søknadar seks veker før fristen. I perioden kor skjema er stengt vil du få beskjed om at skjema er utilgjengeleg.

Merk! For søknadar til fristen 1. november må prosjektet gjennomførast i perioden 1. januar til 30. juni. Søknadar levert til fristen 1. april må gjennomførast i perioden 1. juli til 31. desember.

Send inn din søknad

Rapportering

Følg denne lenka for å komme til rapporteringsskjema

Desse har fått støtte i ordninga