Tilskot til tiltak i statleg sikra friluftslivsområde (kap. 1420 post 78)

Søk om støtte til ulike praktiske tiltak i viktige friluftsområde som er statleg sikra. Tilskota skal gå til naturvenleg tilrettelegging og skjøtsel for å gjere områda lett tilgjengelege og attraktive for friluftsliv.

Dette tilskotet gjeld berre for statleg sikra friluftslivsområde og for friluftsområde verna etter markaloven.

Kva kan du søke støtte til?

Opparbeiding av området, tilrettelegging og skjøtsel. Eksempel på dette er:

  • informasjonstavler
  • opparbeiding av åtkomsten
  • parkeringsplass
  • turvegar eller turstiar
  • fiskeplassar
  • tiltak for å auke tilgjengelegheit for personar med nedsett funksjonsevne
  • badeplassar og brygger
  • toalett
  • søppelstativ
  • tilplanting og skjøtsel
  • formidling av kulturminne

Kva blir det ikkje gitt støtte til?

Det gis ikkje støtte til drift av friluftslivsområder.

Kven kan søke støtte?

Søkarar kan vere kommunar og interkommunale friluftsråd, men ein frivillig organisasjon kan ta hand om den daglege drifta.

Formål

Formålet med ordninga er å bidra til å fremme friluftsaktivitet i statleg sikra friluftslivsområde og i område som er verna som friluftslivsområde etter markaloven.

Søknadsfrist

1. desember

Søknadsskjema hos Miljødirektoratet

Slik prioriterer vi kven som får støtte

Følgande typer av friluftslivsområder vil bli prioriterte:

  • områder som ligg i eller nær byar og tettstader
  • områder som blir eller har potensial for bli mykje brukt
  • områder med lite tilgjengeleg strandsone og stort press på areala
  • områder ved innlandsvassdrag

Det er eit krav at søknaden skal innehalde:

  • forvaltningsplan for friluftslivsområdet som kommune/friluftsråd har utarbeida. Plana skal følge Mal for forvaltningsplan, være godkjent av fylkeskommunen og være innanfor planperioden (sjå unntak i departementet sitt rundskriv)
  • ei eventuell beskriving av korleis tiltaka er i tråd med verneforskrift og eventuell forvaltningsplan for området, viss området er verna til friluftsliv etter markaloven

Ei presisering om kulturtilskot

Kulturtilskot er ei moglegheit for støtte til gode prosjekt, men ikkje ei garanti. Tildelinga skjer ut frå fastsette retningslinjer, krav og prioriteringar, som er opne og tilgjengelege for alle.

Tilskotsmidlane er avgrensa, og det kjem ofte fleire søknadar enn det er midlar til. Derfor vurderer fylkeskommunen søknadane etter ei heilskapleg skjønnsutøving. Sjølv søknadar som oppfyller alle krava, kan få avslag eller ein lågare sum enn søkt beløp.

For å kunne gi tilskot, må vi ha nok midlar i budsjettet.