Søknadsfrist
Søknadsfristen er 01. oktober.
Søknader som kjem inn etter fristen, blir normalt ikkje behandla.
Kven kan søke?
Alle kommunane i Møre og Romsdal kan søkje. Kommunen har ansvar for å administrere og gjennomføre ordninga og rapportere om bruken av tilskotet.
Kva kan kommunen få støtte til?
Kommunen kan søkje om støtte til:
- transport heim for ungdom frå 15 til og med 22 år
- transport med godkjend drosje eller andre transportløysingar innanfor gjeldande regelverk
- transporttilbod i helgene og ved større arrangement
- lokale løysingar som oppfyller formålet med ordninga
Send inn søknad
Økonomisk ramme
Det er sett av 500 000 kroner til ordninga i 2026. Midlane blir fordelte til kommunar som søkjer om støtte. Tilskotet blir fordelt etter ein modell med grunnsats og differensierte kriterium basert på demografi og distriktsbehov.
For å få tilskot må kommunen:
- tilby ordninga til ungdom frå 15 til og med 22 år
- sørge for at transporten skjer på ein trygg og lovleg måte
- fastsette ein låg eigenandel for brukarane
- rapportere tal på turar og kostnader etter endt tilskotsår
- nytte midlane i tråd med formålet for ordninga
Kva blir det ikkje gitt støtte til?
- ordinær kommunal drift
- transport for personar utanfor målgruppa
- tiltak og aktivitetar som ikkje er knytte til trygg heimtransport for ungdom
Rapportering
Kommunar som får tilskot, skal sende inn rapport om:
- tal på gjennomførte turar
- tal på brukarar
- kostnader knytte til ordninga
- eventuell kommunal medfinansiering.
Kontakt
Heidi Røsberg
Rådgivar
Send epost
Toril Karlsnes
Leiar
Send epost