Fv. 60 Tomasgard-Røyrhus bru

Fakta

Veg: Fv. 60

Fase: Planlegging

Kommune: Stranda og Volda

Om prosjektet

Fylkesveg 60 er saman med E39 den viktigaste transportåra mellom Vestland og Møre og Romsdal. Dagens veg er smal og har ein standard langt under krava til ein hovudveg. Ny veg mellom Hellesylt og Grodås vil føre til færre trafikkulykker og kortare reisetid og redusere ulempene for dei som bor tett på eksisterande veg. 

Planlegging

I samband med planarbeidet bestilte Møre og Romsdal fylkeskommune ei verdioptimalisering. Verdioptimalisering er eit ledd i planprosessen, og ser mellom anna på dei ulike løysingane, kvalitetssikrar planane, og søker etter auka samfunnsøkonomisk nytte.

Utgangspunktet for verdianalysen har vore den vedtekne kommunedelplanen med konsekvens-utgreiing frå 2012 (alt 2).

Oppdateringar frå prosjektet