FV.63 Trollstigen

Fakta

Veg: Fv. 63

Fase: Planfase

Kommune: Rauma/Fjord

Om prosjektet

Fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune skal gjennomføre eit forprosjekt for vidare utgreiing av alternative løysingar for sikring av Trollstigen på strekninga frå Huldrebrua-Stigfossbrua (sjå utklipp 1). Ein ynskjer i hovudsak å sjå på eit alternativ med fjellsikring, men ein vil også vurdere eit tunnelalternativ som grunnlag for eit konseptval og vidare planlegging. Ein tek sikte på ei politisk avklaring på konseptval vinter 2023-2024.  

Prosjektet har gått føre seg i fleire år, heilt sidan Statens vegvesen hadde forvaltningsansvaret for fylkesvegane. Deira anbefalingar var i 2019 at ein burde sjå på to ulike alternativ:  

  • Alternativ A: Fjellsikringsalternativet 
  • Alternativ B: Tunnelalternativet  

Fylkesvegavdelinga vil arbeide målretta for å unngå unødvendig ulemper for trafikkavviklinga under anleggsperioden, men det er ikkje til å unngå at begge alternativa vil kunne medføre stenging i deler av sesongen over fleire år.  

Alternativ A: Fjellsikringsalternativet 

Fjellsikringsalternativet baserer reinsk og sikring av fjellet med boltar, nett, fanggjerde med meir. Arbeidet kan gjennomførast m.a. med bruk av taugåande personell.   

Skisse som viser områder for fjellrensking i Trollstigen - Klikk for stort bileteAlternativ A - fjellsikring

Alternativ B: Tunnelalternativet  

Tunnelalternativet er ein T13-tunnel (13 meter brei) med plass til to køyrefelt og gangveg som strekkjer seg frå Fiva-svingen og opp til Stigfossbrua. Tunnelen vil føre trafikantar vekk frå det partiet med høgast risiko for steinnedfall og skred.  

Skisse som viser eventuell tunnel i Trollstigen - Klikk for stort bileteAlternativ B- tunnel

Planlegging

Den politiske bestillinga er i hovudsak å sjå på eit alternativ med fjellsikring, men ein vil også vurdere eit tunnelalternativ som grunnlag for eit konseptval og vidare planlegging. Ein tek sikte på ei politisk avklaring på konseptval vinter 2023-2024. 

Politiske vedtak