Fv. 659 Ny FinnøybruFaktaVeg: Fylkesveg 659, Harøya til FinnøyaFase: PlanfaseTidsplan: Planoppstart februar 2025Byggestart: Ikkje stadfestaKommune: ÅlesundDagens FinnøybruOm prosjektetDagens bru på Fylkesveg 659 frå Harøya til Finnøya er i dårleg forfatning grunna korrosjon og dårleg berande konstruksjon, og har eit stort behov for utbetring. Dagens bru vart bygd i 1971. Ny bru må bli bygd i tråd med dagens krav, og må tole dei aukande utfordringane kring havnivåstiging og stormflo. Møre og Romsdal fylkeskommune er veg– og brueigar, og har overordna ansvar for alt arbeid knytt til planlegging, bygging, forvaltning, drift og vedlikehald av fylkesvegane.Oppdateringar frå prosjektet 16.01.2026 Ope møte 4. februarVi inviterer til åpent informasjonsmøte om prosjektet på Sandøytunet nærmiljøkafe, Austrevegen 15, 6487 Harøy, onsdag 04.02.2026 fra kl. 18.00–20.00Offentleg ettersynDetaljregulering for del av Fv. 659 – Finnøybrua - gbnr. 803/206 m.fl.Planutvalget vedtok 16.12.2025, med heimel i plan- og bygningsloven (pbl.) § 12-10 å legge følgande forslag til detaljregulering ut til offentleg høyring.Formålet med planen er legge til rette for ny bro på fv. 659 mellom Harøya og Finnøya. Eksisterende bro er i dårlig forfatning og må erstattes. Planområde strekker seg fra gjeldende reguleringsplan i syd-vest, ved Litle Straumskjeret, til Straumskjeret i nord-aust.Høyringsfrist er satt til 14.02.2026.Merknad skal sendes skriftlig til Ålesund kommune:e-post til postmottak@alesund.kommune.no eller per brev til:Ålesund kommune, VH Plan og bygning, postboks 1521, 6025 Ålesund.Sjå saksdokumenter og plandokumenter.Sentralbord tlf.: 70 16 20 00Postboks 1521, 6025 Ålesundpostmottak@alesund.kommune.no www.alesund.kommune.no 16.12.2025 Planforslag på høyringPlanutvalet i Ålesund kommune har i møte 16.12.2025 vedteke å sende forslag til detaljregulering for del av Fv. 659 – Finnøybrua - gbnr. 803/206 m.fl. ut på høyring og offentleg ettersyn. Føremålet med planen er legge til rette for ny bru på fv. 659 mellom Harøya og Finnøya. Eksisterande bru er i dårleg forfatning og må erstattast Planområde strekk seg frå gjeldande reguleringsplan i syd-vest, ved Litle Straumskjeret, til Straumskjeret i nord-aust. Planforslaget er tilgjengelege på kommunen sine websider i perioden 19.12.2025 til 14.02.2026: http://alesund.kommune.no/aktuelt/kunngjeringar-og-hoyringar. Eventuelle merknadar skal sendast på e-post til postmottak@alesund.kommune.no innan 14.02.2026.19.02.2025 Kunngjering om planoppstartKunngjering om oppstart av detaljregulering for del av fv. 659, Finnøybrua - gbnr. 803/206 mfl. i Ålesund kommuneI samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 kunngjer Møre og Romsdal fylkeskommune oppstart av reguleringsplanarbeid for fv 659 Finnøybrua i Ålesund kommune.I kommunedelplanens arealdel er området avsett til formål «Veg». I sjø er det i avsett formål «Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone». Deler av sjøarealet rører ved omsynssone (H_720) om bandlegging etter lov om naturvern. Området er ikkje tidlegare detaljregulert.Målsetjinga med planarbeidet er å legge til rette for å erstatte dagens bru på fv. 659 mellom Harøya og Finnøya med ny bru, forbetring av kurvatur og tilpassing til dagens veg på begge sider av brua. Det blir naudsynt med fylling i sjø for å heve og breiddeutvide deler av moloen slik at veg- og brubreidde blir isamsvar med vegnormalane og fyller krava til sikkerheit mot framtidig stormflo. Det planleggast for tilrettelegging for mjuke trafikantar. I anleggsperioden skal det etablerast ei mellombels bru for trafikkavvikling, og båttrafikken gjennom sundet kan blir noko avgrensa.Det er vurdert at planarbeidet ikkje utløyser krav til konsekvensutgreiingar, jf. gjeldande KU-forskrift.Spørsmål kan rettast til planleggingsleiar Per Gunnar Løset på tlf. 943 65 962 eller e-post: per.gunnar.loset@mrfylke.no.Her finn du alle dokument knytta til planoppstarten: Planinitiativ Fv. 659 Ny Finnøybru - Datert 04.12.2024.pdf (PDF, 899 kB) Referat fra oppstartsmøte (signert).pdf (PDF, 839 kB) Varslingsbrev oppstart detaljplan fv659 Finnøybrua - Ålesund kommune 19_02_2025.pdf (PDF, 309 kB) Vedlegg 1 - Kart med forslag til planavgrensing.pdf (PDF, 178 kB) Vedlegg 2 - Kart med forslag til planavgrensing med eksisterande reguleringsplanar.pdf (PDF, 501 kB) Vedlegg 3 - KU-vurdering.pdf (PDF, 281 kB) Vedlegg 4 - Tiltaksanalyse.pdf (PDF, 2 MB) Vedlegg 5 - Rapport_naturmangfold_Finnøybrua_versjon 2.pdf (PDF, 4 MB)