Fv. 670 Todalsfjordprosjektet

Fakta

Veg: Fv. 670

Fase: Planfase

Kommune: Surnadal og Sunndal

Om prosjektet

Todalsfjordprosjektet legg til rette for å samle Sunndal og Surnadal i ein felles bu- og marknadsregion på indre Nordmøre. «Todalsfjordregionen» får eit folketal på mellom 16 og 17 000, og regionen vil bli meir robust, ha større vekstkraft og vere meir attraktiv for busetting.

Planlegging

Møre og Romsdal og Romsdal fylkeskommune mottok endeleg rapport frå Sweco Norge, for undersjøisk tunnel, tidleg mai 2023. Denne rapporten blir ein del av grunnlaget for ei politisk sak om som skal opptil politisk behandling i hovudutvala. 

Den politiske saka vil vere ei samanstilling mellom alternative løysingar for fjordkryssing (eksisterande kommunedelplan flytebru), med ei anbefaling av kva løysing det bør jobbast vidare med.

Fylkestinget sitt vedtak 20.06.2023:

Fylkestinget vedtek å gå vidare med prosjektet i tråd med vedtatte kommunedelplaner i Surnadal og Sunndal i 2020.
Dette er og i samsvar med innstillinga til utbyggingsutvalget 30.05.23 og også i tråd med kommunestyra i Surnadal og Sunndal sine høringssvar datert 30.05.23. Dette inneber ny veg og tunnel fra rv. 70 ved Ålvundfossen til Rakaneset, bru til
Svinvik, og ny veg i en øvre trase forbi Nordvik. Kostnaden til reguleringsplanlegging blir innarbeidd i økonomiplan 2024-2027. Plankostnader i 2023 kan dekkast mellombels av mindreforbruk på investeringsramma.

Fylkestinget ber Todalsfjordkryssinga AS ta med i det vidare planarbeidet med Todalsfjordkryssinga ei mulig ny vurdering av flytebru, med plassering lenger inn i fjorden kontra foreslått plassering for flytebru ved dagens ferjetrase.

Oppdateringar frå prosjektet