Søk om drosjesentralløyve

Informasjon om løyve for å drive drosjesentral.

Generelt

Frå 1. september 2024 bestemmer yrkestransportlova § 9 b. Løyve for å drive drosjesentral, at det krevst drosjesentralløyve for å drive ein drosjesentral og at drosjesentralen skal ha ein dagleg leiar.  

Som ei overgangsordning får alle føretak som ønskjer å oppretta drosjesentral frist til 28. februar 2025 for å få drosjesentralløyvet på plass.

Oppgåvene til drosjesentralen etter yrkestransportlova

I yrkestransportlova § 9 c, punkt 1-7, finn du oversikta over alle oppgåvene til drosjesentralen.

Drosjesentralane sine øvrige plikter

I yrkestransportlova § 9 d får du oversikta over drosjesentralane sine øvrige plikter

Vilkår og krav til dokumentasjon ved søknad om drosjesentralløyve

  1. All dokumentasjon må vere under 3 månader gamal.
  2. Søknad vert ikkje behandla før alle punkt under «Vilkår og krav» er tilfredsstilt.
  3. Føretaket må drive ei fast og varig verksemd i Noreg, ha fast forretningsadresse i Noreg og vere registrert i Einingsregisteret (yrkestransportforskrifta § 52b).
  4. Føretaket må ha ein dagleg leiar med fast og varig kontoradresse i Noreg (yrkestransportforskrifta § 52b).
  5. For å stette kravet til god vandel må dagleg leiar ikkje vera frådømt retten til å driva næringsverksemd eller vera gitt straff for eit alvorleg lovbrot, under dette på det handelsmessige området med vedlagt politiattest (yrkestransportforskriften § 52c).
    1. Er føretaket nyoppretta (under 3 månader sidan stifting) skal både selskapet og dagleg leiar fylle kravet til vandel
    2. Er føretaket selskap eller annan juridisk person, må både den til kvar tid daglege leiaren og selskapet fylle kravet til vandel
    3. Har selskapet to eller fleire daglege leiarar må alle fylle krava. Det same gjeld for ansvarleg selskap (ANS) og for selskapstypen delt ansvar (DA)
  6. Sentralen og dagleg leiar skal ikkje ha vesentlege forfalne men ikkje betalte gebyr-, avgifts- og skatterestansar, dokumentert med vedlagt skatte- og meirverdiavgift attest frå Skatteetaten (yrkestransportforskriften § 52d).
  7.  Sentralen og dagleg leiar skal ikkje vere under konkursbehandling, dokumentert med vedlagd konkursattest frå Brønnøysundregisteret (yrkestransportforskriften § 52d). 
  8.  Løyvegaranti jf yrkestransportforskriften § 52d, 2. ledd, skal sendast direkte til fylkeskommunen frå garantist.
  9. Føretaket må stille garanti tilsvarande € 27 000, som frå og med 1.1.2025 er sette til 317 000 NOK.
  10. Behandlingsgebyr på 3.700 NOK jf yrkestransportforskriften § 12, 1. ledd. må vera innbetalt før drosjesentralløyve blir utskrive.

Søknad om drosjesentralløyve

Har føretaket forretningsadresse i Møre og Romsdal fylke, skal det søkast om sentralløyve hos Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Ny forskrift kjem - påverkar saksbehandlinga

Skjema

Søknadsskjema drosjesentralløyve - nynorsk (DOCX, 47 kB)

Søknadsskjema drosjesentralløyve - bokmål (DOCX, 50 kB)

Søknad sendes på epost til post@mrfylke.no.

Eller per post til følgjande adresse og tekst:
Møre og Romsdal fylkeskommune, Postboks 2500, 6404 Molde
Merk konvolutten: «Søknad om sentralløyve for drosje»

Kan bli pålagt fleire oppgåver

Delrapport II frå Drosjeutvalget: NOU 2024: 15 - regjeringen.no kan medføra at drosjesentralar vert pålagd fleire nye oppgåver enn det som allereie er beskrive over.

Føretak som får drosjesentralløyve må derfor passa på å halda seg oppdatert på dei endringane som eventuelt kan komma i tida framover.

Tildelte løyver

Her finn du oversikta over drosjeentralar som er tildelte drosjeentralløyve i Møre og Romsdal.