Prosjektet Smartare transport har utarbeidd eit komplett grunnlag som viser moglegheitsrommet for utviklinga fram mot sjølvkjørande passasjerbåtar, som vil vere eit supplement til dagens kollektivsystem i større byar.
Kva er Smartare transport?
Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, SINTEF, NTNU, Kristiansund og Ålesund kommunar. og er støtta av Samferdselsdepartementet med 12,5 millionar. Møre og Romsdal fylkeskommune bidreg med 8 millionar.
Det er utarbeida ein sluttrapport for prosjektet (PDF, 2 MB) som ligg tilgjengeleg for alle.
Smartare transport i Møre og Romsdal
Eit system for kollektive sjøtransportløysingar:
- Autonome passasjerbåtar i trafikk i byar
- Smarte styringssystem og seglingsfrekvensar/-mønster
- Landbasert infrastruktur med kontroll, lade- og fyllefunksjonar
- Tilpassing og uttesting i Ålesundsregionen og i Kristiansund
Måla for prosjektet er mellom anna å:
- Nytte vassvegen som avlastning til vegnettet
- Bidra til eit framtidsretta og fleksibelt kollektivtilbod i byane
- Gje den kollektivreisande betre oversikt, mobilitet og brukarvennlegheit
- Skape nærings- og kunnskapsutvikling
Last ned komplett prosjektplan for Smartare transport. (PDF, 511 kB)
Prosjektresultat - rapportar