Fire tilbod blir likevel starta opp

Fire av vgs-tilboda som var foreslått ikkje starta opp frå hausten 2024, blir likevel starta.

Det vedtok kompetanse- og næringsutvalet fredag.

Dei fire tilboda som likevel blir starta, er:

  • Vg1 Tek&Ind.fag YSK, Hustadvika
  • Vg1 Studiespes, Hustadvika
  • Vg1 Idrettsfag, Stranda 
  • Vg1 Studiespes, Stranda

Fylkeskommunedirektøren hadde til møtet i kompetanse- og næringsutvalet innstilt på å ikkje starte opp ei rekke tilbod. Dette med bakgrunn i søkartala. Andelen søkarar til yrkesfag auka med seks prosentpoeng samanlikna med tala for i fjor.

Vedtaket om kva tilbod som ikkje blir starta opp, er endeleg.

Her er vedtaket frå kompetanse- og næringsutvalet, i fire punkt:

Punkt 1: 

Kompetanse- og næringsutvalet viser til at det er fleire søkarar skuleåret 2024/25 enn inneverande skuleår 2023/24. Det er rekordstor søking til yrkesfaga, og fylkeskommunen vil opprette mange ekstraklasser der søkinga er stor for i størst muleg grad imøtekome elevane sine ønske og næringslivet sitt behov.

Punkt 2: 

Desse tilboda blir ikkje starta skoleåret 2024/2025:

1. Borgund vgs.

Vg 1 Helse- og oppvekstfag, velferdsteknologi blir ikkje starta ved Borgund vgs. skoleåret 2024/2025.

2. Borgund vgs.

Vg 2 Betong og mur blir ikkje starta ved Borgund vgs. skoleåret 2024/2025.

3. Gjermundnes vgs.

Vg 2 Anleggsgartnar blir ikkje starta ved Gjermundnes vgs. skoleåret 2024/2025.

4. Gjermundnes vgs.

Vg 2 Industriteknologi blir ikkje starta ved Gjermundnes vgs. skoleåret 2024/2025.

5. Gjermundnes vgs.

Vg 3 Studieførebuande naturbruk blir ikkje starta ved Gjermundnes vgs. skoleåret 2024/2025.

6. Herøy vgs.

Vg 2 Tømrar blir ikkje starta ved Herøy vgs. skoleåret 2024/2025.

7. Herøy vgs.

Vg 2 Barne- og ungdomsarbeidarfag blir ikkje starta ved Herøy vgs. skoleåret 2024/2025.

8. Hustadvika vgs.

Vg 1 Bygg- og anleggsteknikk, YSK 4 år blir ikkje starta ved Hustadvika vgs. skoleåret 2024/2025.

11. Hustadvika vgs.

Vg2 Tømrer, YSk 4 år blir ikkje starta ved Hustadvika vgs. skoleåret 2024/2025.

12. Hustadvika vgs.

Vg 2 Realfag blir ikkje starta ved Hustadvika vgs. skoleåret 2024/2025.

13. Hustadvika vgs.

Vg 2 Språk, samfunn og økonomi blir ikkje starta ved Hustadvika vgs. skoleåret 2024/2025.

14. Kristiansund vgs.

Vg 1 Medium og kommunikasjon blir ikkje starta ved Kristiansund vgs. skoleåret 2024/2025.

15. Kristiansund vgs.

Vg 2 Røyrleggar blir ikkje starta ved Kristiansund vgs. skoleåret 2024/2025.

16. Kristiansund vgs.

Vg 2 Medium og kommunikasjon blir ikkje starta ved Kristiansund vgs. skoleåret 2024/2025.

17. Kristiansund vgs.

Vg 3 Medium og kommunikasjon blir ikkje starta ved Kristiansund vgs. skoleåret 2024/2025.

18. Rauma vgs.

Vg 2 Helsearbeidarfag blir ikkje starta ved Rauma vgs. skoleåret 2024/2025.

19. Romsdal vgs.

Vg 2 Klima, energi og miljøteknikk blir ikkje starta ved Romsdal vgs. skoleåret 2024/2025.

20. Romsdal vgs.

Vg 2 Blomsterdekoratør blir ikkje starta ved Romsdal vgs. skoleåret 2024/2025.

22. Stranda vgs.

Vg 1 Restaurant- og matfag blir ikkje starta ved Stranda vgs. skoleåret 2024/2025.

24. Stranda vgs.

Vg 2 Helsearbeidarfag blir ikkje starta ved Stranda vgs. skoleåret 2024/2025.

25. Stranda vgs.

Vg 2 Matproduksjon blir ikkje starta ved Stranda vgs. skoleåret 2024/2025.

26. Sunndal vgs.

Vg 2 Tømrar blir ikkje starta ved Sunndal vgs. skoleåret 2024/2025.

27. Surnadal vgs.

Vg 2 Barne- og ungdomsarbeidarfag blir ikkje starta ved Surnadal vgs. skoleåret 2024/2025.

28. Sykkylven vgs.

Vg 2 Helsearbeidarfag blir ikkje starta ved Sykkylven vgs. skoleåret 2024/2025

29. Sykkylven vgs.

Vg 3 Automatiseringsfaget blir ikkje starta ved Sykkylven vgs. skoleåret 2024/2025.

30. Tingvoll vgs.

Vg 1 Studiespesialisering blir ikkje starta ved Tingvoll vgs. skoleåret 2024/2025.

31. Tingvoll vgs.

Vg 2 Tømrar blir ikkje starta ved Tingvoll vgs. skoleåret 2024/2025.

32. Tingvoll vgs.

Vg 3 Realfag blir ikkje starta ved Tingvoll vgs. skoleåret 2024/2025.

33. Tingvoll vgs.

Vg 3 Språk, samfunn og økonomi blir ikkje starta ved Tingvoll vgs. skoleåret 2024/2025.

34. Ørsta vgs.

Vg2 Treteknikk blir ikkje starta ved Ørsta vgs. skoleåret 2024/2025.

35. Ørsta vgs.

Vg2 Helseservicefag blir ikkje starta ved Ørsta vgs. skoleåret 2024/2025

36. Ålesund vgs.

Vg2 Informasjonsteknologi blir ikkje starta ved Ålesund vgs.  skoleåret 2024/2025. 

 

Samla kostnad kr 8 mill for skuleåret 24/25 , for 2024 omlag 3,5 mill.

Punkt 3:

(klargjering vedtak): Kompetanse- og næringsutvalet deler vurderinga til fylkeskommunedirektøren om å starte desse svakt søkte tilboda:

  • Atlanten vgs: vg2 Dans
  • Herøy vgs: vg1 Bygg- og anleggsteknikk
  • Sunndal vgs: vg1 Bygg- og anleggsteknikk
  • Sunndal vgs: vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag
  • Tingvoll vgs: vg2 Helsearbeidarfag
  • Volda vgs: vg1 Medium og kommunikasjon
  • Ørsta vgs: vg2 Helsearbeidarfag
  • Ålesund vgs: vg2 Akvakultur

Punkt 4: 

Kompetanse- og næringsutvalet ber fylkeskommunedirektøren arbeide systematisk for å fylle opp klasser og ekstraklasser, sjølv om dette vil gå utover 90%-målsettinga.