Her er alt du treng å vite til skolestart

Måndag 18. august er første skoledag for 9290 elevar på vidaregåande skole. Her finn du nyttig informasjon til skolestart.

To jenter med kvit genser sit med kvar sin pc i eit klasserom. - Klikk for stort bileteSkal du begynne på vgs? Her er nokre ting det kan vere nyttig å vite før du begynner. Terje Aamodt

Når skal du møte opp første skoledag?

Informasjon om tidspunkt og kvar du skal møte opp første skoledag finn du på skolen si nettside. Her er oversikt over dei vidaregåande skolane

Møt opp første dag

Er du ikkje til stades når skolen startar opp, kan plassen din gå til ein elev frå ventelista. Er du sjuk eller har ein annan viktig grunn til at du ikkje kan møte opp, må du gi beskjed til skolen – i så god tid som mogleg.

Er det framleis mogleg å kome inn der du vil?

Har du ikkje fått skoleplassen du søkte på, så kan du sette deg opp på venteliste på den aktuelle skolen.  Dersom det er ledig plass, kan skolen ta kontakt med deg. Sjå informasjon på skolen sine nettsider. Her er lenke til alle vgs. i fylket
Les spørsmål og svar om inntak og venteliste

PC til skolestart

Alle elevar som startar i vidaregåande opplæring treng ein berbar datamaskin som er god nok for skolebruk. Du kan kjøpe eigen PC eller du kan kjøpe elev-PC gjennom fylkeskommunen, gjennom PC-ordninga. Då får du ein PC med 3 års garanti og uhellsforsikring, og du betalar eigendel éin gong i året, i tre år. Etter det er PC-en din. Les om elev-PC her.

InSchool

Vi brukar InSchool (VIS) som skoleadministrativt system. InSchool vil vere ein stor del skolekvardagen din. Her får du viktig informasjon som timeplan, klassen, kontakt- og faglærarar, fråvær, merknader og karakterar i VIS. Du kan også levere digitale søknader og gjennomføre fagval i InSchool. Du får meir informasjon om VIS ved skolestart.

Fråvær

Du skal melde fråvær i InSchool. Er du sjuk før skolen startar, må du kontakte skolen direkte.

Skoleskyss

Som elev i vidaregåande skole kan du ha rett til fri skoleskyss til og frå skolen. Søk om skoleskyss når du takkar ja til skoleplassen. Du må søke om skoleskyss kvart år. Har du allereie eit skoleskysskort, blir dette aktivert når ny søknad er godkjent. Les meir om skoleskyss og korleis du søker

Gratis lærebøker og digitale læremiddel

Du får låne dei lærebøkene du treng i forbindelse med opplæringa. Bøkene blir utlevert ved skolestart og skal leverast inn igjen før skoleslutt. Du skal behandle bøkene pent, og må erstatte bøker som blir  borte eller øydelagt. Som elev får du gratis tilgang til alt du treng av programvare og digitale læremiddel.

Lån og stipend

Som elev i vidaregåande skole kan du søke lån og stipend i Statens lånekasse for utdanning. Dei fleste får berre utstyrsstipend, men nokre får også bortebuarstipend og inntektsavhengig stipend. Hugs å søke om utstyrsstipend innan fristen 15. november. Les meir om lån og stipend på Lånekassen.no

Skoleferiar og fridagar

Når er det haustferie og vinterferie – og påskeferie? Du finn oversikt over ferie- og fridagar på på skoleruta for komande skoleår.

Rett til trygt skolemiljø

Du har rett til eit trygt og godt skolemiljø fritt for krenking, mobbing, vald, diskriminering og trakassering. 
Les meir informasjon om dette på nettsida til fylkeskommunen

Rådgivarar og helsesjukepleiar på skolen

Treng du nokon å snakke med om utfordringar i skolekvardagen? Skolen har fleire typar rådgivarar som kan hjelpe deg. Meir informasjon finn du på skolen si nettside.

Skolereglar

Har du spørsmål om skolereglar i vidaregåande skole? Les om kva reglement som gjeld for deg som elev.

Forsikringar

Du som elev er forsikra gjennom Møre og Romsdal fylkeskommune sin avtale med KLP. Forsikringa gjeld personskade, og gjeld også lærlingar og lærekandidatar.  Les meir om kva forsikringa dekker og korleis du brukar den