I Årets bedrift får lærlingane både god og jamleg oppfølging. Fv: Suad Selak, arbeidsleiar, Ahmet Colic, fagarbeidar, Ajla Selak, YSK -lærling, Nikolas Brunsæl Thomassen, lærling Marie Gjerset Gjelstenli, fagarbeidar, rettleiar.
NÅOPP (Nordre Ålesund opplæringskontor)
Juryen i Møre og Romsdal fylkeskommune har no kåra hjørnesteinsbedrifta i Brattvåg til Årets lærebedrift. Grunngivinga er solid arbeid med lærlingar over tid, eit godt læringsmiljø, høg gjennomføringsgrad og etterleving av regelverk og dokumentasjon.
Rune Longva, plassjef i Kongsberg Maritime AS, seier dei er stolte av utmerkinga og av anerkjenninga som ligg i tildelinga.
- Vi har over en lengre periode hatt eit veldig godt samarbeid med NÅOPP(Nordre Ålesund Opplæringskontor), noko som har resultert i ei veldig god oppfølging og utvikling av lærlingane våre. Denne utnemninga er eit bevis på innsatsen og engasjementet til heile teamet vårt og ei anerkjenning av arbeidet vårt med å utvikle nye fagarbeidarar i fylket. Vi ser frem til å fortsette arbeidet vårt med å utvikle fremtidensframtidas fagarbeidarar her hos Kongsberg Maritime AS, seier Longva.
Fagleg og personleg utvikling
Det var opplæringskontoret Nåopp som nominerte lærebedrifta til prisen. I nominasjonen peiker dei blant anna på den gode oppfølginga dei gir lærlingane:
-Gjennomføringsgraden er høg, og det er svært gode resultat på fagprøvane. Høg gjennomføringsgrad er resultat av god oppfølging av lærlingane. I samarbeid med opplæringskontoret blir det gjennomført jamlege oppfølgingsmøte der fagleg og personleg utvikling er tema. God oppfølging og interne planar gir god oversikt.
Kongsberg Maritime AS er ei av dei store lærebedriftene, og sidan 2010 har ca 70 lærlingar gjennomført opplæringa si i bedrifta. Også i tider med mindre arbeid har bedrifta tatt inn lærlingar.
- Lærlingane gir uttrykk for at dei trivst godt og blir tatt godt vare på i Kongsberg. Det er få hevingar av lærekontraktane, skriv Marit Håhjem Volstad, dagleg leiar i opplæringskontoret, i nominasjonen.
Brattvågbedrifta vart kåra til Årets lærebedrift, i konkurranse med 26 andre nominerte bedrifter. Totalt er det 1455 godkjente lærebedrifter i fylket. I fjor gjekk prisen til Christie Opsahl AS i Molde.
Lærebedrift i fleire fag
Kongsberg Maritime AS er eteit norsk industri- og teknologiselskap som produserer og leverer avansert utstyr til skipsfart, olje- og gassindustri, marinefartøy og offshore energiproduksjon over heile verda. Dei er ein del av industrikonsernet Kongsberg Gruppen. Bedrifta ligg i Brattvåg og er ei hjørnesteinsbedrift i Haram kommune. Dei er godkjent som lærebedrift i industrimekanikarfaget og cnc-maskineringsfaget og har tidlegare hatt lærlingar i fleire fagområde. I dag har dei fem lærlingar.
- Det er opplæringskontor, prøvenemnder og andre relevante aktørar som nominerer kandidatar til Årets lærebedrift.
- Juryen for prisen består av Yrkesopplæringsnemnda og kompetanse- og næringsområdet
- Møre og Romsdal fylkeskommune har hovudansvar for vidaregåande opplæring i bedrift i fylket.
- Les meir om Årets lærebedrift
- Slik blir du lærebedrift