Informasjon om tilbod for minoritetsspråklege 2024 - 2025

Informasjon om tilbod for minoritetsspråklege 2024 - 2025

Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr opplæring for minoritetsspråklege for å sikre at dei får gode forutsetningar for å gjennomføre vidaregåande opplæring og kvalifisere seg til vidare utdanning og jobb. Minoritetsspråklege er personar med anna morsmål enn norsk eller samisk. Fylkeskommunen har tilbod for dei som treng meir opplæring i norsk eller grunnskolefag for å få ein god overgang til vidaregåande opplæring.

Grunnleggande norsk opplæring (GNO) er ikkje lovfesta. GNO gir opplæring i norsk for dei mellom 16-18 år som nyleg har komne til Norge og som treng å lære meir norsk for å delta i og fullføre vidaregåande opplæring. Tilbodet Jobbsjansen del B» er lovfesta. Jobbsjansen del B gir meir opplæring i grunnskolefag for dei mellom 16-24 år som kan litt norsk frå før, og som treng meir opplæring i grunnskolefag for å delta i eller gjennomføre vidaregåande opplæring.