Informasjon om tilbod for minoritetsspråklege 2024 - 2025

2 Tilbod for elevar som er i vidaregåan

2.1 Særskild språkopplæring

Elevar som har anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild språkopplæring til dei kan godt nok norsk til å følgje den vanlege opplæringa (Oppll. §6-5). Dei vidaregåande skolane vurderer behovet for særskild språkopplæring, og fattar vedtak. 

Særskild språkopplæring inneber forsterka opplæring i norsk, og om det trengst, morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar. Fylkeskommunen vurderer jamleg om elevar med vedtak om særskild språkopplæring kan godt nok norsk til å følgje den vanlege opplæringa. Fylkeskommunen kan vedta at eleven skal få morsmålsopplæring på ein anna skole enn den eleven går på.

Meir informasjon om særskilt språkopplæring og skjema finst her på fylkeskommunen sine sider, og læreplanar finst på Udir sine nettsider.
 

2.2 Tilpassa opplæring

Minoritetsspråklege elevar har dei same rettane som andre elevar i ordinær vidaregåande opplæring. To rettar som kan vere relevante inkluderer tilpassa opplæring og individuelt tilrettelagt opplæring.

Tilpassa opplæring er ein generell rettighet for alle elevar i grunnskolen og vidaregåande, og må ikkje forvekslast med særskild språkopplæring. Fylkeskommunen må tilpasse opplæringa slik at elevane får eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa uavhengig av føresetnader, og hensikta er at alle skal få utnytta og utvikla evnene sine (oppll. §11-1).

Hovudregelen om retten til individuelt tilrettelagt opplæring finst i oppll. §11-6. Elevane har rett til individuelt tilrettelagt opplæring dersom dei treng det for å få tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Det er krav om sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta i kommunen før fylkeskommunen kan avgjer om eleven har krav på individuelt tilrettelagt opplæring, jf. oppll. §11-7.