Informasjon om tilbod for minoritetsspråklege 2024 - 2025

1 Vidaregåande opplæring

1.1 Kven har rett til vidaregåande opplæring?

Dei som har fullført grunnskolen eller tilsvarande har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova §5-1 og forskrift til opplæringslova §4-1.  Søkarane må sende inn dokumentasjon på fullført grunnskole, oversett til norsk eller engelsk av godkjent translatør.

Forskrifta til opplæringslova §4-1 forklarar kva «tilsvarande opplæring» vil seie: 

  • dei som har gjennomgått allmenn grunnopplæring i utlandet i minst ni år (2. ledd, bokstav b)
  • dei som har realkompetanse tilsvarande fullført førebuande opplæring for vaksne, (2. ledd, bokstav c)
  • dei som har fullført grunnskolen gjennom privat grunnskoleopplæring i heimen (2. ledd, bokstav d)

Søkarar må ha lovleg opphald i Noreg for å ha rett til vidaregåande opplæring. Dei som ventar på avgjerd om opphaldsløyve, har rett til vidaregåande opplæring ut det skoleåret dei fyller 18 år. Dei som får avslag på søknaden om opphaldsløyve, har rett til vidaregåande fram til datoen avslaget trer i kraft. Berre dei som truleg skal vere i Noreg i meir enn tre månader samanhengande, har rett til vidaregåande opplæring (oppll. §5-1 (1). Dette gjeld dei fleste som søker om opphaldsløyve.

1.2 Korleis søke inntak til vidaregåande?

Søknadsfristen til vidaregåande opplæring er 1. mars (forskrift til oppll. §4-9 (1). 

Søknadsfristen er likevel 1. februar, mellom anna for dei som

  • har vedtak om særskild språkopplæring etter oppll. §§3-6 eller 6-5
  • nyleg har komme til Norge
  • søker om individuell behandling

Søknadsskjema og minoritetsspråkleg skjema skal leggast ved søknaden, og finst her. Dei som har fullført norsk grunnskole treng ikkje legge ved dokumentasjon på grunnskoleutdanning frå heimlandet. Den norske grunnskolen lastar opp vitnemålet til søkaren på Vigo. Dei som ikkje har fullført grunnskole i Norge, men som har fullført minimum 9 års grunnskole frå utlandet, skal sende inn kopi av vitnemål oversett til norsk eller engelsk til fylkeskommunen via sikker digital post.

Søkarar loggar inn med ID porten i Vigo. Mange søkarar som er nyleg komne til Norge har ikkje MinID eller BankID når dei skal søke vidaregåande. Hjelpeinstans kan i desse tilfella ta kontakt med inntaksseksjonen på inntak@mrfylke.no for å få tilsendt brukarnamn og passord.  

Møre og Romsdal fylkeskommune behandlar søknadar til vidaregåande opplæring så langt råd er etter fristen, men ikkje seinare enn 15 juni.