Informasjon om tilbod for minoritetsspråklege 2024 - 2025

4 Jobbsjansen del B

4.1 Målgruppe

Jobbsjansen del B er et tilbod til ungdom som: 

  1. har rett til vidaregåande etter opplæringslova §5-1 og forskrift til opplæringslova §4-1.
  2. er mellom 16-24 år
  3. som treng meir grunnskoleopplæring for å kunne fullføre vidaregåande

Tilbodet er ikkje er egna for ungdom som nyleg er komne til Norge då det er sannsynleg at dei ikkje har språklege forutsetningar for å få forsvarleg utbytte av tilbodet. 

4.2 Kva skolar har tilbodet?

  • Kristiansund vidaregåande skole
  • Hustadvika vidaregåande skole
  • Ulstein vidaregåande skole

4.3 Korleis søke?

Søknadsfristen for Jobbsjansen del B er 1. juni. For seint innkomne søknadar kan vurderast dersom klassane ikkje er fulle. Søknadsskjema finst her. I tillegg til søknadsskjemaet skal hjelpeinstans eller søkar legge ved:

  • Vitnemål frå norsk grunnskole eller vitnemål på gjennomført grunnskole i minst 9 år frå utlandet, oversett til norsk eller engelsk av godkjent translatør.
  • Kvittering frå Skatteetaten på søkt flytting til Møre og Romsdal dersom søkar ikkje er registrert busett i fylket når dei søker.
  • Kvittering på søkt forlenga opphald i Norge dersom opphaldsløyvet går ut før august i søknadsåret.

Dersom søkarar til Jobbsjansen del B har søkt inntak til ordinær vidaregåande skole, og takker ja til plass på vidaregåande skole, vil ikkje søkaren få tilbod om plass på Jobbsjansen del B. 

4.4 Kva inneheld Jobbsjansen del B?

Jobbsjansen del B inneheld 30 timer i veka som er fordelt over desse faga:

  • Norsk, 10 timar
  • Engelsk, 5 timar
  • Matematikk, 3 timar
  • YFF eller utdanningsval, 4 timar
  • Samfunnsfag, 3 timar
  • Naturfag, 3 timar
  • Kroppsøving, 2 timar

Det er mogleg for elevar som meistrar enkeltfag godt å ta desse faga på ordinært vidaregåande nivå.

4.5 Rettar i Jobbsjansen del B

4.6 Saksbehandling