Informasjon om tilbod for minoritetsspråklege 2024 - 2025

3 Grunnleggande norskopplæring (GNO)

3.1 Målgruppe

Grunnleggande norskopplæring er eit tilbod for minoritetsspråkleg ungdom mellom 16-18 år som nyleg har kome til Norge og har lite eller ingen norskkunnskapar. Dei som nyleg har kome til Norge, er dei som er folkeregistrert busett første gong i fylket etter 1. januar det året tilbodet startar opp, uavhengig om dei er busett i mottak, institusjon eller på privat adresse. Søkarane må ha lovleg opphald.

Ungdom som har fylt 18 år når dei får registrert opphald i Noreg, har rettigheiter i introduksjonsprogrammet i kommunen og vil ikkje få tilbod i GNO. Eit av formåla med grunnleggande norsk opplæring er å sikre eit tilbod for ungdommar som kjem for seint til fylket for å søke vidaregåande opplæring. 

3.2 Kva skolar har tilbodet?

  • Romsdal vidaregåande
  • Spjelkavik vidaregåande 
  • Kristiansund vidaregåande 
  • Ulstein vidaregåande 
  • Sunndal vidaregåande 

3.3 Korleis søke?

Søknadsskjema for tilbodet i grunnleggande norsk finst her, og sendes inn av hjelpeinstans via sikker digital post til Møre og Romsdal fylkeskommune med desse vedlegga:

  • Vitnemål frå norsk grunnskole eller vitnemål på gjennomført grunnskole i minst 9 år frå utlandet, oversett til norsk eller engelsk av godkjent translatør.
  • Folkeregistrert adresse i Møre og Romsdal eller dokumentasjon på busetting i asylmottak.

Dersom søkarar til grunnleggande norskopplæring har søkt inntak til ordinær vidaregåande skole, og takker ja til plass på vidaregåande skole, vil ikkje søkaren få tilbod om plass på grunnleggande norskopplæring. 

3.4 Kva inneheld GNO tilbodet?

3.5 Skoleskyss

Dei som har fått tilbod i grunnleggande norskopplæring har rett på skoleskyss når dei bur meir enn 6 kilometer frå skolen, jamfør opplæringslova §9-1. Skolane søker om skoleskyssbevis til deltakarar i grunnleggande norsk i skyssportalen til FRAM.  

Dersom ein deltakar flyttar til ny adresse skal skolen sende ein ny søknad eller deaktivere skoleskyssøknaden, legge inn merknad og ta inn det fysiske skysskortet. Dersom ein deltakar sluttar i grunnleggande norskklassen så skal skolen deaktivere skoleskyssøknaden og ta inn det fysiske skysskortet.

Meir informasjon om skoleskyss finst her, og spørsmål om skoleskyss kan rettast til skoleskyss@mrfylke.no

3.6 Saksbehandling

Grunnleggande norskopplæring har som hovudregel inntak heile året. Inntaket kan stoppast når klassane er fulle, eller når fylkeskommunen vurderer at det er såpass seint i inntaksåret at nye søkarar ikkje vil få eit forsvarleg utbytte av tilbodet. Brev som sendast ut om tilbod eller ikkje- tilbod til grunnleggande norsk er ikkje enkeltvedtak etter forvaltningslova, og det er ikkje klagerett. Det er fordi fylkeskommunen ikkje er lovpålagt å ha tilbodet.

Seksjon for inntak saksbehandlar søknadane og sender ut  vedtak til søkarane og melding om vedtaket til hjelpeinstans fortløpande.