Rusførebygging i skolen (Rusplan)

4 Eleven som pårørande

4.1 Eleven sine reaksjonar

Eleven som pårørande tar ofte ei av fire roller:

  • helten – den flinke og pliktoppfyllande eleven
  • klovnen/maskoten – han som alltid trekker til seg merksemd ved å vere morosam eller gjere rare ting
  • den usynlege/stille eleven – som sit i ein krok for seg sjølv og aller helst vil vere usynleg
  • sinnataggen – den sinte/utagerande eleven


Omgrepet «barn som pårørande» blir brukt om mindreårige barn som har ein føresett eller eit søsken som er pasient med psykisk liding, rusmiddelavhengigheit, alvorleg somatisk sjukdom eller skade. Barn som veks opp i ein familie med rusmiddelavhengigheit har auka risiko for å utvikle emosjonelle, kognitive, sosiale og psykiske problem. Dette er særleg sårbare elevar.

Elevar som pårørande kan vise ulike reaksjonar:

  • åtferdsproblem (endring i humør og/eller temperament)
  • utfordringar på skolen (konsentrasjonsproblem eller udokumentert fråver)
  • risikoåtferd og lovbrot
  • angst og/eller depresjon
  • låg sjølvtillit
  • påfallande trøytt, magesmerter, hovudverk, vanskar med inntak av mat
  • trist, tilbaketrekking, motorisk uro, kjenslesmessig ustabilitet, problem med vennar og det å høyre til sosialt
  • skam, skuld og bebreidar seg sjølv
  • stressa og engsteleg

4.2 Skolen si rolle

Slik kan skolen ta vare på elevane:

  • gi tryggleik og struktur
  • vise omsorg
  • bygge gode relasjonar til elevane
  • vere raus i møte med elevane
  • bidra til meistring og håp
  • tåle elevane
  • anerkjenne elevane
  • bry seg

Alle tilsette er viktige hjelparar – du kan gjere ein forskjell

”Mange av de berørte barna forteller historier om skolen som et fristed, og om læreren som den viktige støttespilleren. Større åpenhet vil redde flere barn! Vi vegrer oss mot barns smerte, derfor lukker vi øynene. Skolen og lærerne har et medansvar når det gjelder å bidra til større åpenhet og å se de berørte barna for å hjelpe dem så de slipper å bære hemmeligheten alene. Lærerrollen er ikke å være terapeut, men å gå sammen med barnet.” - Frid Hansen ved Borgestadklinikken

Kva betyr skolen for elevane?

  • Ein stad for struktur, sosial kontakt og meiningsfull kvardag.
  • Ein stad for å høyre til, identitetsutvikling og fellesskap.
  • Ein fristad.