Rusførebygging i skolen (Rusplan)

3 Tidleg innsats

3.1 Teikn og signal

Under ser de ei oversikt over signal som kan gi grunnlag for bekymring, men som ikkje treng å bety at ein ungdom brukar rusmiddel.

  • Likegyldigheit til prestasjonar på skolen.
  • Fråver frå skole/arbeid, forsøv seg ofte og gløymer avtalar.
  • Endring i humør og temperament.
  • Ofte trøytt over tid.
  • Kjenslemessig ustabilitet, kroppsleg uro, angst, konsentrasjonsproblem og er trist.
    Skifte av vennar og problem med å høyre til sosialt.
  • Endra allmenntilstand.
  • Åtferd som kan tyde på at eleven er rusa.

Signal på at eleven rusar seg er ulik for kvar enkelt. Framhev positive kjenneteikn og åtferd som bidrar til å inkludere ungdommen.

Les Helsedirektoratet sine faglege retningslinjer “Tidlig oppdagelse av utsatte barn og unge”.

3.2 Rutinar

Alle tilsette på skolen har plikt til å følgje med på om elevane har eit trygt og godt skolemiljø. Tilsette skal melde frå til leiinga når dei er bekymra for ein elev.

Ved bekymring:

  • Kontaktlærer gjennomfører samtale med elev
  • Informerer avdelingsleiar

Ikkje grunnlag for bekymring:

  • Avslutt saka

Ved vidare bekymring:

  • Kall inn føresette og elev til samtale
  • Informer om skolen sitt ansvar og rutinar.
  • Utarbeid ein oppfølgingsavtale (mal i Teams, teamet MRFK-Læringsmiljø-aktivitetsplikta-eksempel og malar).
  • Målet er støtte og tilrettelegging.

Vurder alltid melding til barnevernet (barnevernslova § 6-4), ved misbruk av rusmiddel:

Er skolen usikker på om saka skal meldast?

  • ​​​​Kontakt barnevernet og drøft saka anonymt.

3.3 Samtalerettleiar

Ungdom som misbrukar rusmiddel opplever ofte ulike kjensler til det å slutte med rus. 

Tips til samtalen:

  • Gi uttrykk for bekymring, men hugs at det er bekymringa di. Spør om elev og føresette deler bekymringa di, og undersøk korleis eleven opplever situasjonen.
  • Ver tydeleg på skolen sine rutinar og konsekvensar.
  • Ver framtidsretta- «Kva for ønsker har du for livet ditt framover? «Korleis påverkar rusmiddelbruk kvardagen din og eventuelle framtidsplanar?»
  • Bekreft ressursar hos eleven - «Har du eigne forslag til kva du kan gjere for å endre vanane dine?» «Finst det nokon hindringar for deg viss du skulle velje å slutte og ruse deg?»
  • Spør om samtykke før du kjem med forslag til tiltak «Kan eg få kome med forslag til tiltak?» Er det vi har snakka om noko som kan passe for deg?
     

Sjå hjelpeark “Den gode samtalen”. (DOCX, 45 kB)

Sjå Snakkomrus (ROP - Nasjonal kompetansetjeneste for samtidig rusmisbruk og psykisk lidelse)

 

Skjema for oppfølringssamtale mellom skole og elev finn du på MRFK-Læringsmiojø/aktivitetsplikta/eksempel og malar