Rusførebygging i skolen (Rusplan)

2 Førebygging i skolen

2.1 For skolen

Leiinga ved skolen skal informere elevar, tilsette og føresette om «Plan for rusarbeid» og innhaldet i han ved skolestart.

Arbeidet med planen skal ligge i årshjulet. Planen skal vere ein del av opplæringa og det systematiske arbeidet for eit trygt og godt læringsmiljø (Oppll.kap.9A).

Samarbeid

Skolen samarbeider med skolemiljøutvalet, elevrådet og føresette i det haldningsskapande rusførebyggande arbeidet.

Skolen samarbeider med russen, kommunen og politi om tiltak for å informere om skadeleg bruk av rusmiddel, og fremme haldningar og rusfrie tiltak som ein del av avgangsmarkeringa. 

Skolen samarbeider med kommunen om gjennomføring av UNGDATA for å kartlegge oppvekstvilkåra til elevane.

Opplæring

Opplæring i haldningar og kunnskap om rusmiddel og skadeleg bruk skal vere ein del av undervisninga i følge den overordna delen av LK 20, folkehelse og livsmeistring. Elevane skal få kompetanse som fremmer god fysisk og psykisk helse og evne til å ta gode livsval.  Sjå læringsressurs i undervisning på nettstaden weedensenteret.no (Helsedirektoratet)

Samtale om rusmiddel skal vere tema i elevsamtalen

2.2 For elevar

Visste du at det store fleirtalet av ungdom tar avstand frå narkotika?

Har du spørsmål om rusmiddel? Lurer du på om rusmiddel er skadeleg og påverkar helsa di? 

Les om rusmiddel (ung.no)

Les om cannabis og korleis det verkar på hjernen din (weedensenteret.no)

Korleis kan du bidra til å førebygge skadeleg bruk av rusmiddel?

  • Bry deg om, og ta vare på vennane dine.
  • Skaff deg informasjon om rusmiddel og skadar.
  • Tenk gjennom kva du vil gjere i situasjonar der det er tilgang på rusmiddel.
  • Allier deg med nokon i same situasjon.
  • Marker haldningar, sei nei takk.
  • Skap gode rusfrie alternativ.
  • Avgrens alkoholinntaket.
  • Ikkje kjøp alkohol til ungdom under 18 år.
  • Sei ifrå til ein vaksen på skolen om du er bekymra for deg sjølv, eller medelevar.

Alle barn og unge skal beskyttast mot å bruke, lage, frakte eller selje narkotika. (Barnekonvensjonen artikkel 33 om narkotika)

2.3 For føresette

Kva kan du som føresett gjere for å førebygge skadeleg bruk av rusmiddel hos ungdommen din?

  • Ver eit godt førebilete.
  • Skaff deg informasjon om rusmiddel og skadar.
  • Set tydelege grenser. Forsking viser at ungdom drikk mindre dersom du som føresett set tydelege grenser. Eit redusert alkoholinntak førebygger også utprøving av andre rusmiddel.
  • Ikkje send med ungdommen alkohol på fest.
  • Ta kontakt med, og allier deg med andre føresette og lag felles avtalar.
  • Ta kontakt med hjelpetjeneste i kommunen eller skolen om du har spørsmål om rusmiddel, eller er bekymra for ungdommen sitt rusmiddelbruk.

Visste du at..

  • dei fleste ungdommar høyrer og vektlegg kva føresette meiner om rusmiddelbruken deira?
  • dei fleste ungdommar ønsker at føresette har klare haldningar og set tydelege grenser?

Rettleiar for foreldre

Kompetansesenter rus - Midt-Noreg har utarbeidd heftet "Heldig er den ungdommen som har TEITE foreldre - en veileder til foreldre om ungdom og rusmidler".

Bestilling av heftet:
St. Olavs Hospital HF
Kompetansesenter rus - Midt-Norge
Postboks 3250 Sluppen, 7006 Trondheim
Telefon 73 86 29 00

Jente som smiler - Klikk for stort bilete Forsidebilde