Kva kan du søke støtte til?
Aktivitetstiltak og arrangement som treff formålet med ordninga. Størrelse på tilskotet vurderast opp mot budsjett for kvart tiltak, kor stor aktivitet som blir skapt og tilgjengelege midlar.
De kan maksimalt søke om 50 000 kr per prosjekt og støtta frå fylkeskommunen kan ikkje utgjere meir enn 50 % av prosjektet sitt totalbudsjett.
Les dei fullstendige retningslinjene for ordninga (PDF, 89 kB).
Kven kan søke om støtte?
- Frivillige lag og organisasjonar
- Kommunar og regionale kulturinstitusjonar, i samarbeid med frivillig aktør
Formål
Tilskotsordninga er ein del av markeringa av friluftslivets år 2025 og skal bidra til eit større mangfald av friluftslivsaktivitetar og arrangement, og til at ulike aktørar på tvers av kultursektoren kan finne saman og skape friluftslivsopplevingar i heile Møre og Romsdal.
Aktivitetane skal bidra til begeistring for eit naturvennleg friluftsliv og senke terskelen for deltaking slik at fleire kan få gode opplevingar utandørs og finne ein aktivitet å trivast med over tid.
Følg denne lenka for å lese meir om måla for Friluftslivets år.
Søknadsfrist
Søknadsfristen for ordninga har gått ut.
Rapportering
Send inn rapportering
Treng du mal for budsjett og rekneskap til rapporten din? Det finn du ved å følge denne lenka (XLTX, 16 kB).