Her er alt du treng å vite til skolestart

Måndag 19. august er første skoledag for 9117 elevar på vidaregåande skole. Her finn du nyttig informasjon til skolestart.

Gutt i jeansjakke på eit bibliotek, med andre elevar i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteSpent på skolestart? Her kan du lese om oppmøte, venteliste, skolepc, reglement og mykje meir. Terje Aamodt

Når skal du møte opp første skoledag?

Informasjon om klokkeslett og kvar du skal møte opp første skoledag finn du på skolen si nettside.

Her er oversikt over dei vidaregåande skolane.

Møt opp første dag

Er du ikkje til stades når skolen startar opp, kan plassen din gå til ein elev frå ventelista. Er du sjuk eller har ein annan viktig grunn til at du ikkje kan møte opp, må du gi beskjed til skolen – i så god tid som mogleg.

Er det framleis mogleg å kome inn der du vil?

Har du ikkje fått plass på den skolen eller det utdanningsprogrammet du søkte på gjennom VIGO og står på fylkeskommunen si venteliste etter inntaket, må du vente til du eventuelt får beskjed om at du får plass likevel.

Du kan også sette deg opp på venteliste på skolen du ønsker dersom du enno ikkje har fått tilbod om skoleplass. Det står  meir informasjon om dette på skolane sine nettsider.

Her er lenke til alle vgs. i fylket.

Les spørsmål og svar om inntak og venteliste.

PC til skolestart

Alle elevar som startar i vidaregåande opplæring treng ein berbar datamaskin som er god nok for skolebruk. Du kan kjøpe eigen PC eller du kan kjøpe elev-PC gjennom fylkeskommunen, gjennom PC-ordninga. Då får du ein PC med 3 års garanti og uhellsforsikring, og du betalar eigendel éin gong i året, i tre år. Etter det er PC-en din.

Les mer om elev-PC her.

Visma InSchool

Vi brukar Visma InSchool (VIS) som skoleadministrativt system. Visma InSchool vil vere ein stor del skolekvardagen din. Her får du viktig informasjon som timeplan, klassen, kontakt- og faglærarar, fråvær, merknader og karakterar i VIS. Du kan også levere digitale søknader og gjennomføre fagval i VIS.

Du får meir informasjon om VIS ved skolestart.

Fråvær

Du skal melde fråvær i Visma InSchool. Er du sjuk før skolen startar, må du kontakte skolen direkte.

Skoleskyss

Som elev i vidaregåande skole kan du ha rett til fri skoleskyss til og frå skolen. Søk om skoleskyss når du takkar ja til skoleplassen. Du må søke om skoleskyss kvart år. Har du allereie eit skoleskysskort, blir dette aktivert når ny søknad er godkjent.

Les meir om skoleskyss og korleis du søker.

Gratis lærebøker og digitale læremiddel

Du får låne dei lærebøkene du treng i forbindelse med opplæringa. Bøkene blir utlevert ved skolestart og skal leverast inn igjen før skoleslutt. Du skal behandle bøkene pent, og må erstatte bøker som blir  borte eller øydelagt. Som elev får du gratis tilgang til alt du treng av programvare og digitale læremiddel.

Lån og stipend

Som elev i vidaregåande skole kan du søke lån og stipend i Statens lånekasse for utdanning. Dei fleste får berre utstyrsstipend, men nokre får også bortebuarstipend og inntektsavhengig stipend. Hugs å søke om utstyrsstipend innan fristen 15. november.

Les meir om lån og stipend på Lånekassen.no

Skoleferiar og fridagar

Når er det haustferie og vinterferie – og påskeferie?

Sjå skoleruta for komande skoleår.

Rett til trygt skolemiljø

Du har rett til eit trygt og godt skolemiljø fritt for krenking, mobbing, vald, diskriminering og trakassering. 

Les meir informasjon om dette på nettsida til fylkeskommunen.

Rådgivarar og helsesjukepleiar på skolen

Treng du nokon å snakke med om utfordringar i skolekvardagen? Skolen har fleire typar rådgivarar som kan hjelpe deg. Meir informasjon finn du på skolen si nettside.

Skolereglar

Har du spørsmål om skolereglar i vidaregåande skole?

Les om kva reglement som gjeld for deg som elev

Forsikringar

Du som elev er forsikra gjennom Møre og Romsdal fylkeskommune sin forsikringsavtale med KLP. Forsikringa gjeld personskade, og gjeld også lærlingar og lærekandidatar.

Les meir om kva forsikringa dekker og korleis du brukar den