Nyheitsbrev om plan juli 2024

Nyheiter om plan er informasjon frå Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal til kommunane i fylket. 

Fysisk samling for samfunnsplanleggarar

Statsforvaltaren og fylkeskommunen inviterer til fysisk samling for samfunnsplanleggarar 19. til 20. november 2024. Samlinga vil finne stad i Molde. Tema for samlinga vil vere berekraft i kommunal planlegging. Dei fire berekraftskoordinatorane i fylket vil bli invitert til å vere med på samlinga. Reserver datoane i kalenderen, meir informasjon kjem!

Handbok og mal for klimabudsjett

Fylkeskommunen har i samarbeid med Statsforvaltaren fått laga ei handbok med tilhøyrande mal som kommunane kan bruke når dei skal lage klimabudsjett. Målet er at desse to skal forenkle arbeidet i kommunane. Kommunane vel sjølv om dei vil bruke handboka og malen. Handboka og malen finn de på KLIMASNU-sida hos statsforvaltaren.

Handboka og malen er laga av tre berekraftskonsulentar frå internship-programmet på Campus Kristiansund: Martin Kleiven Jørgensen, Julia Volchkova og Veronika Priakhina. Dette er første utgåve og vi ønsker tilbakemelding frå kommunane som tek dokumenta i bruk slik at vi kan forbetre dei. Send innspel til Anne Melbø (Klimakoordinator hos statsforvaltaren i Møre og Romsdal) og Ingeborg Simonsen (Klima- og miljøkoordinator hos Møre og Romsdal fylkeskommune).

Ny fagleiar i planseksjonen i fylkeskommunen

Torbjørg Lillebø er tilsett som ny fagleiar på planseksjonen i fylkeskommunen etter at Johnny Loen vart pensjonist i slutten av juni. Ho tek til i stillinga 16. september og kjem frå jobben som verksemdleiar forvaltning i Rauma kommune. 

Kommunestatistikken oppdatert

Møre og Romsdal fylkeskommune har publisert ein ny versjon av kommunestatistikken. Kommunestatistikken blir oppdatert vår og haust i tråd med når SSB og andre nasjonale datakjelder oppdaterer sin statistikk. I kommunestatistikken finn du ein presentasjon med statistikk for den enkelte kommunen i fylket. Temaa som er oppdaterte i denne omgangen er demografi/folketalsutvikling, flytting, pendling, innvandring og sysselsetting.

Invitasjon til Regional plan- og klimakonferanse 2024

Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren inviterer til regional plan- og klimakonferanse i Ålesund 1. til 2. oktober. Årets hovudtema er ressursknappheit og korleis planlegge for framtida.

Dette blir ei fantastisk moglegheit for å bli kjent og vere med på å skape ei god felles framtid for folk og natur i Møre og Romsdal. Meld deg på via deltager.no/Regionalplanogklimakonferanse.

Kartlegging av naturtypar

Ved kartlegging av naturtypar skal Miljødirektoratets digitale verktøy nyttast. 
Sjå meir om dette på Miljødirektoratet sine sider.
 

Kommunane sitt arbeid med universell utforming

Rambøll har på vegner av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet utarbeidd ein rapport som kartlegg kommunane sitt arbeid med universell utforming. Kartlegginga viser at kommunane har mange konkrete ønske og tankar om kva som kan gjerast for å gjere det lettare å prioritere universell utforming: 

  • Oversikt over status for universell utforming i kommunane
  • Generell kompetanseheving
  • Øyremerka midlar eller tilskot
  • Brukarmedverknad

Rettleiar for handelanalyse

Møre og Romsdal fylkeskommune har utarbeidd ein rettleiar for handelsanalyse. Føremålet med rettleiaren er å klargjere korleis utgreiingar om nye handelsetableringar skal gjerast, i tråd med prinsippa og retningslinene i Fylkesstrategi for attraktive byar og tettstader 2023-2026. Malen viser kva problemstillingar som skal drøftast og kva spørsmål som bør svarast ut før ein tek avgjerd i konkrete saker. Malen er dermed meint å sikre meir lik og føreseieleg praksis og betre effektivitet i utgreiings- og planprosessar. Malen ligg på mrfylke.no

Tilskott til berekraftig tettstadutvikling

Møre og Romsdal fylkeskommune har lyst ut ein pott på 2,5 millionar kroner til «berekraftig tettstadutvikling  i Møre og Romsdal» med søknadsfrist 15. september. Søknad skal sendast via Regionalforvaltning.no.  Her kan du og lese meir om retningslinene for ordninga. Sjå og nettsida for Program for berekraftig by- og tettstadutvikling og ta gjerne kontakt med ein av rådgivarane våre før du skriv søknad. 

Får besøk av Forum for stedsutvikling

Siste veka i august får Møre og Romsdal besøk av Forum for stedsutvikling, som er ein fagleg samarbeidsarena for statlege aktørar som arbeider med by- og stadutvikling. Følgjande aktørar deltar i Forum for stedsutvikling: Design og arkitektur Norge (DOGA), Distriktssenteret, Helsedirektoratet, Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Riksantikvaren, Statens vegvesen, samt ein kontaktperson frå kvar fylkeskommune.

Forumet ønskte denne gongen å besøke Møre og Romsdal for å sjå og høyre om Program for berekraftig by- og tettstadutvikling, og besøke utvalde stader og prosjekt som er realiserte. Reiseruta blir som følgjer: Ørsta – Sykkylven – Valldal – Åndalsnes – Molde. Det er ei anerkjenning av arbeidet som fylkeskommunen har gjort i samarbeid med kommunane når Forum for stedsutvikling ønskjer å kome hit og lære av arbeid og tiltak som vi har gjennomført. På programmet står både langsiktig og strategisk arbeid med stadutvikling, kreativt samarbeid mellom kommune, næringsliv og lokalsamfunn, spleis og dugnad, ivaretaking av lokale kvalitetar og bruk av kompetanse i prosjekta. Kommunane har gjennom ekstern evaluering (2021) slått fast at fylkeskommunen sitt bidrag i dette arbeidet har vore avgjerande for resultata i desse prosjekta.

Ungdom og distrikta

Unge sitt busettingsmønster har mykje å seie for distrikta. Distriktssenteret har på sine nettsider mange artiklar og rapportar som kan vere nyttige for kommunane, for eksempel i den kommunale planlegginga. Her finn du mellom anna rapportar som omhandlar ungdomsmedverknad i distrikta, unge sin motivasjon for å bu i distrikta og distriktsungdom og utdanning.

Ny regional planstrategi og fylkesplan

Fylkestinget har vedteke ny regional planstrategi og ny fylkesplan. Dokumenta finn du på fylkeskommunen sine nettsider.

Informasjonsfilmar – politikaropplæring

Vi minner om filmane om opplæring i planlegging som er laga av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune og Distriktssenteret. Filmane ligg på Statsforvaltaren si heimeside.

Nye folketalsframskrivingar

Statistisk sentralbyrå publiserte første veka i juni nye framskrivingar av folketalet. I samband med dette ligg det ein fagartikkel på heimesida til fylkeskommunen. I artikkelen finn de aktuell statistikk for kommunane i fylket og lenker til meir informasjon på SSB sine sider.

I artikkelen vert det vist til at Møre og Romsdal får ein svak vekst i folketalet. Fram mot 2040 veks folketalet i fylket med 3,0 prosent, frå 270.624 innbyggarar i 2024 til 278.653 i 2040.

Nettside for dei som er ny i jobben som planleggar

Regjeringa har etablert ei ny nettside for dei som er ny i jobben som planleggar eller dei som treng ei rask oversikt. Her finn du det viktigaste regelverket og rettleiingsmaterialet. Dette er ein førsteversjon og sidene skal utviklast vidare.  

Fylkeskommunen har kartlagt rekruttering av planleggarar

Fylkeskommunen sendte i april ut eit spørjeskjema til alle kommunane i fylket om rekruttering av planleggarar. Takk til dei 17 kommunane som svarte på kartlegginga! 
Her er nokre hovudfunn:

  • 41 % (7 kommunar) har hatt nedgang i planleggar-stillingar i løpet av dei siste to åra, to kommunar har hatt auke 
  • Siste året har det slutta ein eller fleire planleggarar i 35 % av desse 17 kommunane
  • 53 % av kommunane har lyst ut ei eller fleire planleggar-stillingar siste åre
  • 67 % av desse (seks kommunar) opplevde å ikkje få tilsett nokon i stillinga(ne)
  • Av dei som fekk tilsett nokon, svarar 40 % at den/desse hadde både rett fagbakgrunn og relevant praksis. Det var også 40 % som tilsette ein kandidat med rett fagbakgrunn, men ingen relevant praksis. 20 % valte ein kandidat dei måtte lære opp sjølve.
  • Nær 30 % har gjennomført tiltak for å behalde den/dei planleggarane dei har. Her er lønskompensasjon, tilbod om kompetanseheving og administrativ støtte blant tiltaka som er gjennomført. 
  • 9 av dei 17 kommunane har ikkje avsett nokon stillingsressurs til arbeid med klima og miljø

Datoar for regionalt planforum

Det er sett opp følgjande datoar for regionalt planforum hausten 2024:

  • 5. september
  • 3. oktober
  • 6. november
  • 5. desember

Sjå meir informasjon på nettsidene til fylkeskommunen.