EU-prosjekt

Ønsker du å delta i EU-prosjekt eller vite meir om kva moglegheiter som ligg i EU-programma? Her er ei oversikt over EU-prosjekta. 

Erasmus+ LeaderSHIP

Gjennom Erasmus+ LeaderSHIP samarbeider 19 partnarar frå åtte europeiske land om framtidas kompetanse innan maritim industri. Møre og Romsdal fylkeskommune deltek i prosjektet saman med Maritim Foreining Søre Sunnnmøre (MAFOSS). Les om Erasmus+ LeaderSHIP

CircleBIM (Building Information Management)

Prosjektet har som mål å betre effektiviteten og berekrafta i byggeprosjekt. Møre og Romsdal fylkeskommune er med i prosjektet for å lære og dele god praksis. Les om CirclelBIM-prosjektet.

EDIN (European Digital Nomads)

Møre og Romsdal samarbeider med andre regionar i Europa om å legge til rette for at små stadar kan trekke til seg kompetanse og meir heilårsturisme. Les om EDIN (European Digial Nomads).

Distance LAB: Digital samhandling, samskaping og fjernarbeid i verksemder

Dette europeiske samarbeidsprosjektet skal utstyre offentlege og private aktørar med verktøy som skal gjere bedrifter betre på å få til fjernarbeid for samhandling og samskaping. Les om Distance LAB-prosjektet.

BSI_4Women - Entreprenørskapsstøtte for kvinnelege flyktningar

I BSI_4Women skal offentlege aktørar og bedriftsstøttetenester arbeide saman for å hjelpe kvinnelege flyktingar med å starte eigne bedrifter og bli aktive medborgarar, fordi vi veit at det er viktig for flyktingar å delta i arbeidslivet for å kunne bygge nye og gode liv. Deltaking i arbeidslivet har også stor innverknad på både trivsel og helse. Les om BSI_4Women-prosjektet.

PROACTsme - KI og andre smarte tenester for små og mellomstore bedrifter

PROACTsme skal bidra til å utveksle erfaringar og bestepraksisar innan smarte og digitale tenester knytt til støttesystem for små og mellomstore bedrifter. Les om PROACTsme-prosjektet.

CREST - klimatilpassing i sårbare bykommunar

Vi deltar i prosjektet «Climate resilient coastal urban infrastructures through digital twinning». Prosjektet skal hjelpe sårbare bykommunar med å tilpasningane deira til klimaendringane meir robuste og motstandsdyktige ved å utvikle heilskaplege visualiseringar av data. Les om CREST-prosjektet.

Avslutta EU, EØS og Interreg-prosjekt

Oversikt over tidlegare EU, EØS og Intrerreg-prosjekt