Fv. 60 Tomasgard-Røyrhus

Fakta

Veg: Fv. 60

Fase: Reguleringsplanlegging

Kommune: Stranda og Volda

Om prosjektet

Fylkesveg 60 er saman med E39 den viktigaste transportåra mellom Vestland og Møre og Romsdal. Dagens veg mellom Hellesylt og Grodås er smal og har ein standard langt under krava til ein hovudveg. Ny veg vil føre til færre trafikkulykker og kortare reisetid. Det vil også bli reduserte kostnastnadar til vedlikehald.  

Heile strekninga frå Tomasgard – Røyrhus er i overkant av 13 km.  

Reguleringsplanlegging

Strekninga er delt inn i tre, med ein reguleringsplan for kvart av dei tre områda. Det blir to reguleringsplanar for Volda kommune, og ein for Stranda kommune.  

  • Del 1 Tomasgård – Raftevollen skal ha ferdig planforslag i juni 2027
  • Del 2 Raftevollen – Stranda kommunegrense skal ha ferdig planforslag i juni 2026
  • Del 3 Volda kommunegrense – Røyrhus skal ha ferdig planforslag i juni 2026 

Prosessen med utarbeiding av reguleringsplan omfattar mellom anna geoteknisk og hydrologisk kartlegging, registrering av kulturminne og naturmangfald, matjordplan og ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS). I tillegg skal det prosjekterast 13 km ny veg, inkl. forprosjekt av 5 bruer.

Både i 2024 og 2025 vil det foregå feltarbeid og befaringar i samband med planarbeidet.  

Tidlegare planarbeid

Utgangspunktet for reguleringsplana er dei vedtekne kommunedelplanane med konsekvensutgreiing frå 2012, der alternativ 2 blei valt. Fylkestinget stadfesta dette alternativet i vedtak i juni 2023, etter at det var gjennomført ei verdioptimalisering av kommunedelplanane.

Verdioptimalisering kan være eit ledd i planprosessen, der det blir sett på dei ulike løysingane, kvalitetssikring av planane, og det blir søkt etter auka samfunnsøkonomisk nytte.

Medverknad

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som er vegeigar og som står for planarbeidet, medan det er kommunane som er planmynde og som vedtek planane.  

Partar som blir berørt av planarbeidet blir invitert til å medverke i samsvar med reglane i plan- og bygningslova, mellom anna ved direkte kontakt, åpne møter og formelle høyringar.  

Oppdateringar frå prosjektet